Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Des 2024

Onsdag 18.desember var siste sirkeltrening før jul. Det faste opplegget vart gjennomført med oppvarming og to rundar på ulike stasjonar. Deretter ei lita kondisjonsøkt der alle får godt opp pulsen. Med juletre i gymsalen fekk vi litt ekstra julestemning  denne onsdagen! Sidan det var siste gong før jul,hadde vi avslutning med bading og felles kveldsmat. 

Janne Tomtum som er instruktør fekk ei merksemd frå idrettslaget som takk for innsatsen. Vi er veldig glade for at ho kvar einaste onsdag stiller på og har trening. Vi er òg stolte av den gjengen som stiller på gong etter gong. Spesielt den eldre garde. Dei er absolutt ein inspirasjon for oss alle.

No tek sirkeltreninga juleferie,og er tilbake i januar. Her er plass til fleire,så bli gjerne med å prøv! Treninga passar for alle aldersgrupper og er gratis for alle som er medlem av Velledalen IL .




Svein og Fridtjof gjennomførte med glans

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2024

Men det kosta i eit renn der tidene vart 6.35.00 (Svein) og 6.35.19 (Fridtjof).

 

Vasalopp nummer 100 frå Sälen til Mora vart ikkje velsigna med lett, skarpt føre. Dei 15 800 vert derimot møtt av varmegrader og tunge forhold. Med andre ord kilsterføre for dei som ikkje  ville stake heile distansen. Passeringstidene på punkta «Høgsta Punkten», Smågan, Mångsbodarna, Risberg, Evertsberg, Oxberg, Hökberg og Eldris, viste at Velledalen IL sine to løparar heldt fylgje gjennom så godt som heile løpet. På dei nemnde punkta skilde det aldri meir enn fem sekund mellom dei.

    Til mål kom dei på 6.35.00 (Svein) og 6.35.19 på Fridtjof. Mest eit dagsverk. I fylgje arrangøren kom Svein inn til 2010.beste tid, Fridtjof nummer 2017. Plasseringane i klasse M 55 har vi diverre ikkje fått enno, men det vil kome.

 

Her er nokre andre aktuelle tider frå løpet:

3.52.43: Torleif Syrstad, Norge – rennvinnar totalt

4.01.35: Petter Northug jr – nummer 18 irennet

4.14.06: Nils Berg, Rustad IL – vinnar klasse M 55

4.23.06: Emilie Fleten, Norge – rennvinnar kvinner

 

Kanskje kjem det ein rapport frå rennet når karane har kome heim og til hektene att.




220 noteringar i skogsvegen Drabløs

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2024

Frå skogsvegen Drabløs kan vi melde om strøkne forhold heile vegen.

 

Ikkje ein snøflekk å sjå frå starten like ved Fet bru til trimpost-kassa godt ute i stranda. 220 noteringar hittil er eit bra tal, med tanke på at mesteparten av sesongen – og beste årstida for spaserturar – står att. Her er topp-5 for trimposten skogsvegen Drabløs – laurdag 2.mars 2024:

89 turar: Annlaug Lervåg

30 turar: Liv Skogvold

13 turar: Pernille Ibsen Lertvåg

11 turar: Lilly Nilsen

10 turar: Kjell Skogvoll

 

Vidare var det glegeleg at ein kar som har passert 90 år, Magnus Ødegård, hadde notert fleire turar (saman med kona Oddhild som mest er like gamal) på posten. Sprekt!

 

340 noteringar i skogsvegen Hjorthol

 

Alt tyder på at trimposten i skogsvegen Hjorthol går mot ein solid sesong.

 

Meldaren vår melder om glitrande forhold årstida teke i betrakning. Berre eit par stader låg litt snø, men ingen problem å nytte joggesko på turen.

Topp-5 lista såg slik ut:

99 turar: Ingrid Brudevoll

58 turar: Anita Hjorthol

16 turar: Irene Hole

10 turar: Eldrid Myhre

  8 turar: Siegmar Möbius, Svein Hjorthol og Evelyn Holmberg.

 

Som ein ser tett som hagl på nedre del av lista. Og det kan leggast til at fleire utøvarar hadde sju og seks turar, så dette er ein post der det vert kamp om topp-5 plasseringane.

Komande veke er det meldt godvêr i nedslagsfeltet vår. Vi håper rett mange nyttar seg av trimpost-tilbodet!




Dei lever ungt, med samla 30 startar i Vasaloppet

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2024

Når Svein Arne Nakken og Fridtjof Fredriksen står opp ein stad mellom klokka 04.00-04.30 sundag 3.mars, ja, då veit dei kva som ventar.

 

Fridtjof Fredriksen (58) skal gjere sin start nummer 16, Svein Arne Nakken (58) sin start nummer 14. Dei skal gå strekninga frå Sälen til Mora i Sverige på ski, rennet som vert kalla Vasaloppet og er 90 km langt. Då nettsida til Velledalen IL snakka med karane var reisa nettopp starta, ettersom dei nærma seg Otta. I privat bil.

 

  • Korleis overnattar de på denne turen?
  • No køyrer vi til Sälen, startstaden for rennet. Der tek vi inn hos 84-åringen Rolf Gustavsson, slik vi plar gjere. Han bur kring kilometeren frå startsletta. Med andre ord ganske gunstig.

 

I år ligg det an til plussgrader og kanskje klisterføre under rennet. Maxtaket for påmelding er 15 800 deltakarar, så dei blir ikkje einsame denne sundagen. Begge er i startpulje tre, med andre ord godt framme i feltet. Rennet i 2024 markerer dessutan 100 års jubileum for Vasaloppet, som truleg gjer at det vert gjort litt ekstra stas på løparane.

  • Kor lenge reknar de med å bruke på dei ni mila..?
  • Mest truleg ikkje rekordføre i år. La oss røfleg seie 5 timar og 10 minutt, pluss/minus 30 minutt alt etter kor skarpt føret blir.

Sagt litt meir presist vil det bety at dei ventar ei sluttid mellom 4. 40 – 5.40.

 

Bestetida til Svein frå tidlegare er 4.38, medan Fridtjof har 4.47 som personleg bestetid. Svein fortel vidare at det alltid er eit mål å kunne krysse mållina mellom dei 1000 beste deltakarane.

 

Svein og Fridtjof er røynde i dette faget. Dei gruer seg kanskje meir til det som skjer etter rennet enn sjølve rennet:

  • Etter rennet og målgong i Mora, må vi finne bagasjen vår som er frakta dit. Så skal vi vaske og stelle oss før vi tek buss tilbake til Sälen, der bilen står parkert. Når vi kjem dit, på ettermiddagen ein gong (røfleg kl.16.30) «drontar» vi ikkje. Då gyv vi laus på heimturen – ni timar i bil.

 

Velledalen IL ynskjer sine to milslukjarar i særklasse alt godt i helga. Både under rennet og etter landevegen!

 

PS. Etter rennet har Svein og Fridtjof 13 dagar på å restituere til neste «slag» - Birkebeinerennet frå Rena til Lillehammer. Der får dei selskap av fleire løparar frå Velledalen IL


-To gode kameratar. Her ifrå eit tidlegare løp.




Er det aktivitet på trimpostane…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2024

Velledalen IL har 15 trimpostar i drift. Korleis er aktiviteten – vert det trimma?

 

Vi starta vår vesle sjekk ved posten i skogsvegen Fet. Gode forhold med nesten vårleg stemning etter vegen. Einaste litt snø i ei lengde av kring 30 meter i nedre del av lengste motbakken. Elles klink joggeskoføre heile vegen.

 

Kassa i enden av skogsvegen er diverre ikkje god. Ei av dei som bør skiftast i løpet av året.

 

Meldaren vår kjende pulsen steig då boka kom til syne ved opning av boksen. Kor mange hadde teikna seg i trimboka etter at 5/12 av  sesongen var ferdig. Rekneskapen for posten trong ein ikkje høgre utdanning for å klare. Stoda var slik:

4 turar: Helen Longva Fet

2 turar: Anne Britt Hammer

1 tur:  15 ulike utøvarar

I alt: 21 noteringar, som vil seie ei full side pluss eitt namn på side to.  


(Biletet er ifrå skogsvegen Drabløs)




Fødselsdagar i vinterferien

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2024

Vinterferien er over, og somme i VIL-miljøet har hatt åremålsdagar. Til og med jubileum.

 

På etterskot, gratulerer vi Ivar Arne Flo med 80 års dagen den 23.februar. Ivar Arne Flo er truleg best kjend som mannen som sakna flest poeng ved trimposten i Riksheimdalen. Dette gjorde han år etter år og var alltid inne på topp-10 lista samanlagt. I tillegg representerer han kvart einaste år Velledalen IL under minimaraton (4,2 km) i Hornindal.

 

22.februar vart «stordalsjenta» Malene Fløtre Busengdal halvparten så gamal. 40 år er ingen alder. To dagar etter Malene, var det svigermor hennar, Bjørg Frøystad Hole, sin tur til å fylle år. Ho vart 69. Bjørg er æresmedlem i Velledalen IL og sit for tida som leiar i trimgruppa. Som betyr at ho er «sjef» for arrangement som Romjulsmarsjen og diverse andre trimaktivitetar med både trimbingo og grilling.

 

Foto som fylgjer saka er frå Bjørg si velmakstid. Og vi brukar akkurat dette fotoet som ei varsling om at dama til venstre, Eldrid Myhre, fyller 70 år i mai. Bjørg og Eldrid var begge pionerar innan den lokale damefotballen. 



- Fotoet er truleg henta frå ein VRF-fest ein gong på 1980-talet




Constantin gjekk Skimaraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Feb 2024

Constantin Rust gjekk i dag Madshus Skimaraton og fekk god seeding til Birkebeinerrennet


Constantin Rust er no også langrennsløpar. Sundag 18.februar gjekk han Madshus Skimaraton - frå Raufoss til Gjøvik. Rennet på 42 km talde som seedingsrenn til Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer i mars. Constantin - på felleski imponerte med ein 6.plass i klasse M 26-30, på tida 2.24.33.


Constantin skriv fylgjande på Strava:

   - Livets andre renn og debut i klassisk stil. Starta konservativt (i ca 2 km), deretter var race-IQ-en på 35 brukt opp og ein byrja grave for å ta att eit "tog" oppe på fyrste flata. På kvar einaste stake-strekning tenkte eg at her skal ingen få kødde med meg, så då vart det bånn gass og fullstendig hovud-miss. Fekk det etter ca 30 km fordi eg skal ikkje ha med noko ekstra næring, og vart passert av ein del folk inn mot mål. Men eg kosa meg likevel! Dette var stort for ein enkel mann på felleski! Strålande fornøgd. Birken next.


Og takka vere Madshus Skimaraton seeda Constantin seg opp til ein god startposisjon under Birken i mars

Sterkt levert!




Telenor Cup, Renn nr.2

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2024

Her er deltagar- og resultatliste ifrå Telenor Cup rennet som vart arrangert sundag 11.02.2024



Telenor Cup Renn 2



Plass

Namn

Skule/klubb

Brukt tid


Gutar 7 og under

2017 - 2023



Lars Welle Myrseth

Sørestranda skule/Velledalen IL



Ole Riksheim Kulseth

Vikedalen barnehage



Alfred Dyrseth Sørgård

Aure barneskule



Iver Jarnes

Emblem IL



Peik Kvalsund

Krikane barnehage



Fredrik Aursnes

Aure barneskule



Filip Henriksen Garli

Aure barneskule



Jonathan Kolvik

Hatlane skole



Peter Almås Moe

Ikornnes FUS barnehage



Jørgen Grøvik

Aure barneskule



Erik Haram Hafsås

Sp.kl. Herd



Sevrin Riksheim Brunstad

Vikedalen barnehage



Ole Haram Hafsås

Sp.kl. Herd



Adrian Johannessen Grebstad

Krikane barnehage







Jenter 7 og under

2017 - 2023



Eline Aursnes

Preg barnehage



Adelén Johannessen Grebstad

Aure barneskule



Lovise Holmøy

Aure barneskule



Martine Dyrseth Sørgård

Tryggheim barnehage



Lilja Welle Myrseth

Sørestranda skule/Velledalen IL



Sigrid Vik Hopen

Aure barneskule



Amanda Riksheim Brunstad

Aure barneskule



Mira Welle

Krikane barnehage



Signe Vikås

Sørestranda skule



Maja Blindheim Lyngvær

Vikedalen barnehage



Marie Hopen Løseth

Vikedalen barnehage



Anna Lade Hafsås

Krikane barnehage



Selma Støylen Hole

Vikedalen barnehage


14

Cornelia Emdal

Sykkylven IL


15

Ingrid Klokk

Aure barneskule/Velledalen IL


16

Ane Velle Flemsæter

Sykkylven IL


17

Nao Kiyohara

Ikornnes FUS barnehage







Gutar 8

2016



Håkon Støylen Hole

Aure barneskule



Peter Tafjord Nilsen

Aure barneskule



Erik Drotninghaug

Velledalen Montessoriskule/Velledalen IL







Jenter 8

2016



Signe Netland Brunstad

Aure barneskule



Ella Garli

Aure barneskule



Jenny Lillestøl Hoprekstad

Aure barneskule



Ada Weiberg-Aurdal

Velledalen Montessoriskule/Velledalen IL



Julianne Linga

Velledalen Montessoriskule/Velledalen IL







Gutar 9

2015



Knut Klokk

Aure barneskule/Velledalen IL



Elias Blindheim Lyngvær

Aure barneskule



Isak Hopen Løseth

Aure barneskule



Aksel Velle Flemsæter

Sykkylven IL



Erik Garli

Aure barneskule



Taichi Kiyohara

Sørestranda skule



Jakob Hanssen

Aure barneskule



Oliver Henriksen Garli

Aure barneskule







Jenter 9

2015



Sanna Almås Moe

Sykkylven IL



Mari Grøvik

Aure barneskule



Ane Rinsheim Kulseth

Aure barneskule







Gutar 10

2014



Sigurd Vikingsen Fauske

Aure barneskule/Velledalen IL



Lars Petter Holmøy

Aure barneskule











Jenter 10

2014



Eline Tafjord Nilsen

Aure barneskule



Oline Støylen Hole

Aure barneskule



Sofia Lillestøl Hoprekstad

Aure barneskule







Gutar 11

2013



Lars Netland Brunstad

Aure barneskule



Emil Vikås

Sørestranda skule/Sykkylven IL



Olav Klokk

Aure barneskule/Velledalen IL







Jenter 11

2013



Alette Carine Ekornes Skrede

Sørestranda skule



Hedda Jarnes

Emblem IL







Gutar 12

2012


1

Max Hafsås

Aure barneskule

0:28:32






Gutar 15

2009


1

Johan Vikingsen Fauske

SUSK/Velledalen IL

0:19:45






Menn 16 og eldre

1924 - 2008


1

Geir Verpeide

Stranda IL

0:32:11

2

Fridtjof Fredriksen

Velledalen IL

0:32:12

3

Svein Arne Nakken

Velledalen IL

0:33:28

4

Andreas Mosby Nakken

Velledalen IL

0:37:44




Kjekt når ungdomen tek seg ut

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Feb 2024

Fjerde løpet i Ålesund Vinterkarusell vart arrangert laurdag 10.februar med start/mål i Fremmerholen.

 

Det heiter Vinterkarusell, men når det endeleg vart flotte vinterforhold, ja då svikta deltakarane. Anna kan ein ikkje seie når berre 25 utøvarar tok seg til mål. Fire av desse representerte Velledalen IL. Yngst i VIL-troppen var den komande konfirmanten, Jone Schmidt Breivik, eldst skigruppeleiar Svein Arne Nakken (58). Alle fire gjorde som vanleg ein framifrå innsats.

 

Einaste VIL-utøvar på 10 km var Andreas Mosby Nakken. Her er dei seks beste på distansen uansett klasse:

  1. John Gunnar Dybvad, Lånke IL, 37.07
  2. Lars Thoresen Haug, Ålesund, 37.17
  3. Andreas Nakken, Velledalen IL, 38.35 – klassevinnar M 20-22
  4. Tor Egil Skarbø, Ålesund, 42.24
  5. Mats Sørensen Bratvold, Trondheim, 42.58
  6. Silje Kulen, Ulsteinvik, 43.10 – beste kvinne.

Godt sprunge av Andreas under vinterlege forhold. Ei tid som lovar det beste for sesongen 2024.

 

På distansen over fem km kom 15 løparar til mål. Her kniva ungdomen Jone mot Velledalen IL sin friidrettsleiar (Alf Petter) på 57 år om den sjette beste tida uansett klasse. Og denne gongen vart det tenåringen som vann, etter å ha gitt alt i siste del av løpet. Her eit utval tider mellom dei som sprang 5 km:

18.47: Kristian Nedregård, Ålesund – beste herre

20.34: Janne Elin Vatnaland, Spirit Stavanger – beste kvinne

21.16: Simon Meek, Bjørkavågen

21.23: Christer Sylte, Molde

21.49: Stig Are Jørgensen, Ålesund

21.59: Jone Schmidt Breivik, Velledalen IL – vinnar M 14-15

22.00: Alf Petter Bøe, Velledalen IL – vinnar M 55-59

22.06: Ludvig With, Kondis Ålesund

22.23: Bogumil Pilat, Polen

22.35: Eldar Sindre Valkvæ, Ålesund Løpevenner

24.18: Svein Arne Nakken, Velledalen IL – nr 2 M 55-59

30.07: Per Jan Helset, Langevåg – klasse M 80-84


Friidrettsleiar Alf Petter Bøe rett etter målgongFriidrettsleiar Alf Petter Bøe rett etter målgong.Ei hjelpande hand etter eit solid gjennomført løp.





Meld deg på Konradløpet.

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2024


Onsdag 1. mai kl. 05:15.

Konradløpet har start og mål på Brunstad, like ved Nærbutikken Velledalen. Løypa er 4,45 km lang etter asfalt, og stort sett ganske flatt. Det er drikkestasjon i Holeøyane (etter halve løpet). Starten for hovudløpet går presis klokka 05:15. Etter løpet vert det servert frukost (inkludert i startkontingent) i Velledalen Grendahus, der det også er garderober, premieutdeling m.m.

Konradløpet, som fyrste gong vart arrangert i 2002, er eit løp for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Konrad byrja trene då han var i 70-åra, etter at han og Arne C. Brunstad (Brua-Arne) hadde observert fenomenet ”jogging” i USA. Forma vart stadig betre. Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor starta løpet klokka 05.15. Ei av dei faste treningsløypene hans var ”runden” frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går.

Påmelding: https://konrad.satli.net/

Prisar:
Born: 100,-
Vaksne: 200,-
Familie: 450,-

Born er til og med 17 år, vaksne frå og med 18 år.
Ein familie kan berre bestå av 2 vaksne.

Betaling ved henting av startnummer kvelden før i Velledalen Grendahus (evt. ein time før løpet om du har lang reiseveg.)

NB! Frå og med 2023 var starttidspunktet endra frå 05:00 til 05:15 for å ta omsyn fergeruta for reisande frå m.a. Ålesund.




Espen tredje beste nordmann i Malaga

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2024

 10. Desember sprang Espen Utgård Sæther Malaga maraton i Spania. Her kjem ei forseinka oppdatering om løpet.

Med tida 2.34.15 sette Espen ny bestetid med 77 sekund i Malaga. Berre Njål Torillson Tyssing (2.33.02) har sprunge raskare av VIL-utøvarar på distansen over 42 195 meter.

Ein mannsperson i Velledalen IL har eingong sagt:

  • "Dersom ein utøvar i store konkurransar, med tusenvis av deltakarar, held fylgje med den totale kvinne-vinnaren, då held vedkomande særdeles høgt nivå!"

 

I Malaga var Espen Utgård Sæther 23 sekund bak kvinne-vinnaren, Pamela Jepkosgei Rotich, frå Kenya.

 

Utvalde resultat frå Malaga – heilmaraton:

1. Charles Mneria, Kenya, 2.08.54

2. Abdelilah El Maimouni, Martinica, 2.09.48

3. Musa Kipsoyan Mitei, Kenya, 2.11.31

10. Tom Martyn, Reino Unido, 2.22.58

16. Christoffer Wiggen, Gular IL, 2.29.00 (beste norske)

20. Jonas Lillejord, Osterøy IL, 2.31.55 (nest beste norske)

25. Antonio M. Villena, Spania, 2.33.24

27. Pamela Jepkosgei Rotich, Kenya, 2.33.52 (beste kvinne)

29. Espen Utgård Sæther, Velledalen IL, 2.34.15 (personleg bestetid)

30. Dzmitry Dabravolski, Bielorrusia, 2.34.30

35. Ciaran Mckenna, Irland, 2.36.01

40. Benjamin Allen, Reino Unido, 2.37.57

45. Alex Gibb, Reino Unido, 2.38.47

49. Alexis Rochat, Frankrike, 2.39.19