Stian åtte minutt raskare i Molde enn i Ålesund

Postet av Atle Jomar Hole den 15. Sep 2024

Stian Hole gjorde i dag sensasjonelt gode 1.29.14 på halvmaraton i Molde

 

Molde Maraton vart arrangert i dag med fleire ulike distansar. Deltakinga var ikkje all verda, med Stian Hole som einaste deltakar frå Velledalen IL. Og han gjorde eit kanonløp.

 

Som vi kanskje hugsar debuterte Stian på distansen i Ålesund i juni månad. Den gongen hadde han meldt seg på som deltakar med venta slutt-tid i området 1.40 – 1.50. Han kryssa målline på 1.37.14. Oppsiktvekkjande bra for ein debutant i klasse M 45-49. Vi veit heller lite om løpet i Molde i dag, bortsett frå resultatlista. Den seier at Stian vart nummer sju på distansen uansett klasse med tida 1.29.14 – nøyaktig åtte minutt raskare enn i Ålesund. Og Stian vann klasse M 45-49 i Molde. Framifrå levert, av den tidlegare fotball-målmannen!!

 

Resultat frå Molde halvmaraton laurdag 14.september:

  1. Håvard Alsvik Wikan, Udir BIL, 1.17.29
  2. Sverre Hoggen, Taratanmåndag, 1.19.22
  3. Kristian M Hovik, Trollveggen T 1.20.44
  4. Kyrre Berland, Noteam, 1,23.09
  5. Sivert Flåten, Noteam, 1.25.57
  6. Andreas Gussiås Romuld, Fannefjord R, 1.28.17
  7. Stian Hole, Velledalen IL, 1.29.14
  8. Vegard Singstad, Noteam, 1.31.58
  9. Mathias Gulbrandsen, Noteam, 1.38.06
  10. Kari Slutaas Malme, Noteam, 1.38.17 – beste kvinne
  11. Stian Beinset, Noteam, 1.38.21
  12. Kristoffer Olai Hatlen, Noteam, 1.41.15
  13. Patrick Olsen, Noteam, 1.41.15

 

Stian skriv fylgjande på Strava etter løpet:

  • Offisiell tid og klar PB 1.29.14. Strålande fornøgd. Vart liggande åleine heile løpet, som var meir kupert enn eg såg for meg. Ser ut som GPS på klokka ikkje hang med heilt. Får håpe dei he rett distanse

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.