Spreke unggutar i Konradløpet

Postet av Atle Jomar Hole den 4. Mai 2025

 

Med unggutar meiner vi denne gongen i konfirmasjonsalderen og litt eldre.

 

Vi er ikkje sikre på om Sigurd Linga debuterte i 2025. I alle fall har ikkje statistikk-førar, Lars Inge Sæther, registrert tid på Sigurd tidlegare.

Her er lista over dei beste tenåringane, og vi gjer merksam på at det er unge tenåringar:

  1. Sigurd Linga 17.31
  2. Johan Fløttum Fauske 17.33
  3. Tim Bakke Payling 17.40
  4. Tobias Lervåg 18.24
  5. Peter Eriksen Fet 18.35.

 

Tek vi ikkje heilt feil var Sigurd debutant. Alle dei fire andre sette nye personlege rekordar, med ganske så god margin. Tobias Lervåg kan slå seg på brystet av å vere beste løparen i feltet busett i Velledalen (fire sekund føre Oskar Johan Bakken), som 15-åring, og to dagar før eigen konfirmasjon.

 

PS. Vi nemner at noverande klubb-stjerne i Bodø/Glimt, Sondre Brunstad Fet, la bak seg Konradløypa på 18.45 som 13-åring. Same året som han var fylkets beste langrennsløpar med god margin, og i ein sesong der han også tukta Johannes H. Klæbo.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.