Minst to VIL-løparar spring 5000 meter i kveld
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Okt 2025
Herrane Njål Torillson Tyssing og Anders Westrheim på plass under Kvalheim-mila.
Karane har meldt på Strava at dei stiller. Om fleire av våre utøvarar gjer det, vitast ikkje i skrivande stund. Men faktum er Njål og Anders er Velledalen IL sine to beste på distansen 5000 meter baneløp denne sesongen, i fylgje VIL sin statistikk-førar.
Anders Westrheim gjorde 16.49 i april, 16.30 i juni og 16.44 i august. Med andre ord særs stabilt. Løparen har alt vore frampå (på Strava) og skissert ei tid på 16.20-talet i kveld, om forholda vert akseptable, vel å merke. Njål står bokført med 16.02 frå april og 15.55 frå august.
Begge desse løparane sette personlege rekordar på 10 km landeveg under Hytteplanmila nyleg. Njål 32.23 og Anders 33.59. Begge har med andre ord solid haustform inne
Kveldens løp går på ærverdige Bislett stadion, og resultata finn du som vanleg på nettsida.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Spenstig av Anders og Njål på Bislett
24.10.2025
Resultat Hytteplanmila K 35-39
24.10.2025
Trimposten på Brunstadkølen nr 13.
24.10.2025