Stor idrettsprestasjon av Espen i Danmark
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Mai 2025
Arkivfoto
Nummer 41 av 12 000 deltakarar i København Maraton 11.mai
København Maraton må omtalast som eit storløp. Anna kan ein ikkje seie om løpet med 12 000 deltakarar frå meir enn 100 ulike nasjonar. Mellom desse mange nordmenn. Ein av dei, Espen Utgård Sæther, utøvar som representerer Velledalen IL. Han brukte 2.28.06 på sine 42 195 meter. Resultatlista syner at sju nordmenn kom inn mellom dei 100 beste. Best av desse var Gjermund Blauenfeldt Næss på tida 2.27.57. Espen var nest best av dei norsk med 2.28.06. Han mangla altså ni sekund (!), på å vere beste nordmann i løpet. Totalt vart han nummer 41, medan han i klasse M 30-34 vart nummer 18.
NØKKELTAL frå løpet
0-5 km: 16.58
5-10 km: 16.56
10-15 km: 17.10
15-20 km: 17.20
20-25 km: 17.30
25-30 km: 17.39
30-35 km: 18.12
35-40 km: 18.22
40-42.195 km: 8.04
Snittid per km: 3.31 minutt
Passering halvmaraton: 1.12.10
Målpassering: 2.28.06
Høgaste fart per km: 3.24
Lågaste fart per km: 3.41
Beste herre i løpet: Berhane Tesfaye, Eritrea, 2.08.25
Beste kvinne i løpet: Sharon Kiptugen, Kenya, 2.23.19
Beste norske kvinne: Sigrun Gjølberg, Rygge IL, 2.39.49
Beste norske herre: Gjermund Blauenfeldt Næss, KL Running, 2.27.57
Espen Utgård Sæther har sjølv klubbrekorden for Velledalen IL på distansen. Den skriv seg frå Berlin i 2024 og lyder på 2.27.03.
Espen si tid frå København 11.mai 2025 på 2.28.06 er den nest raskaste nokon gong av ein løpar frå Velledalen IL
På Strava skriv Espen fylgjande:
- København maraton – 2.28.06. Opna med dame-teten første 10 km. Gjekk kanskje litt for raskt, så roa litt ned. Blei solo derfrå og til mål. Periodevis småtungt i motvinden. Første halvdel på 1.12, som eigentleg kjendest ganske behageleg ut. Store smerter under foten frå 25 km som gjorde det vanskeleg å pushe. Vurderte å bryte på 30 km for ikkje å gjere vondt verre. Roa greitt ned farta berre for å kome i mål. Kan for så vidt ikkje klage på tida, sjølv om målsettinga var endå litt raskare! På den positive sida: Bra tilrettelagt i elite B, og enorm stemning langs løypa!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025