Påmelde KM-halvmaraton 24.mai

Postet av Atle Jomar Hole den 22. Mai 2025

Blir fin løpsmønstring på Vartdal komande laurdag. VIL-veteranar stiller.

 

Kring to døgn før løpsstart står 175 namn på deltakarlista på Vartdal. Venteleg vil ein bikke 200 påmelde til distansane 10 km, halvmaraton og trimløp rundt dalen. Klart dei fleste har meldt seg på halvmaraton, 125 i talet, to døgn før start. Men berre 34 av dei 125 vil vere med å kjempe om KM-medaljar, som går til dei tre beste i kvar klasse.

 

Påmelde frå Velledalen IL:

10 km: Alf Petter Bøe (M 55-59)

Halvmaraton-KM: Bjørn Arve Brune (M 60-64) og Jan Ketil Vinnes (M 55-59).

Andre lokale, halvmaraton ikkje-KM: Bjørn-Even Masdal (M 40-44) og Roger Brunstad (M 50-54).

 

Truleg vil Velledalen IL stille fleire løparar, men dette er dei som stod på lista torsdag 22.mai klokka 13.30. Både Bjørn Arve og Jan Ketil er favorittar til KM-titlane i sine respektive klassar. Arrangementet på Vartdal er rekna som eit av dei beste som vert gjennomført i heile Møre og Romsdal i løpet av sesongen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.