Resultat 10 km, Sørestrandmila
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Jun 2025
Færrast sprang 10 km, men karane leverte.
Resultat 10 km, Sørestrandmila, arrangert laurdag 31.mai 2025:
M 23-34:
Erik Skotheim, Ikornnes, 36.29
Robin Jørgensen, Velledalen IL, 36.59
M 50-54:
Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, 38.35
M 55-59:
Jan Ketil Vinnes, Velledalen IL, 36.58
Trond Bonesmo, Velledalen IL, 49.45
KOMMENTAR:
To av dei fem løparane på denne distansen sprang halvmaraton på Vartdal ei veke tidlegare og var nok ikkje fullrestituerte (Per Inge og Jan Ketil).
- Det er sjeldan eg held att under løp, men det gjorde eg i dag, sa to gonger Konradløp-vinnar Jan Ketil Vinnes, etter løpet. Den vanlegvis så sikre 35 min-mannen kom laurdag inn på 36.58. Likevel beste prestasjonen på distansen med tanke på at alderen er 57. Største positive overraskelsen stod Erik Skotheim for, med tida 36.29. Ikkje minst disponeringa av løpet var imponerande. Alt tyder på at den mannen har meir inne. Så gratulerer vi Robin Jørgensen med ny personleg 10 km-rekord. Også det sterkt i ei tid der han har vore oppteken med andre – og viktigare – gjeremål enn trening. Så må vi gratulere Trond Bonesmo! Utan at nettsida VEIT det, er det truleg at nettopp Trond var personen som knuste sin personleg rekord grovast under arrangementet av Sørestarndmila. Ryktet vil ha det til at den gamle personlege rekorden på distansen var kring 53 minutt. Laurdag stogga EQ-timinga på 49.45. Slikt gir meirsmak og motivasjon! Kan Trond gå under 49.45 alt i Ålesund komande laurdag…?
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025

Fine o-prestasjonar i Nordfjord
01.06.2025
3029 grasrotkroner i mai
01.06.2025

Resultat 3 km, Sørestrandmila
01.06.2025

Resultat 5 km, Sørestrandmila
01.06.2025