Løp for psykisk helse 2025

Postet av Atle Jomar Hole den 4. Jun 2025

 Oppsummering av løpet på laurdag


Løpet på laurdag blei ein stor suksess! Totalt deltok 75 personar, som gjennomførte 175 økter og til saman sprang 1 225 kilometer.

Vi starta dagen med 12 deltakarar klokka 06:00, og etter kvart bygde det seg opp time for time. Klokka 10 var vi på topp med 28 deltakarar på ei økt.

Den som jogga lengst bortsett frå meg, var ein ungdom på 23 år. Han gjennomførte 56 km (8 timar).

Så langt har vi samla inn 25 300 kroner via spleisen (inkludert 1 000 kroner frå Velledalen IL), pluss 5 000 kroner som ikkje er registrert på spleisen. Dermed har vi passert 30 000 kroner i år også!

Personleg oppleving av løpet

Dagen starta veldig bra med lett jogg heilt fram til 12-økta. Klokka 13 tok eg ei tøff økt på 7 km med fart rundt 3:53 per kilometer, som gav meg tid til ein dusj før neste økt klokka 14.

Sola var sterk, og etter kvart fekk eg problem med dehydrering. Den verste runda var klokka 18 – etter 2,5 km blei eg kvalm og svimmel og vurderte å avbryte løpet. Heldigvis kom kroppen seg igjen, og eg fullførte dei to siste øktene. Likevel kjenner eg det godt på kroppen, så løpet i Ålesund til helga blir gjennomført med fokus på å kontrollere farten og kome inn under tre timar.

Eit positivt år med stort ungdomsoppmøte

Ein av dei beste tinga med årets arrangement var den store deltakinga frå ungdommane – dei utgjorde omtrent halvparten av dei oppmøtte. Det såg ut som alle koste seg, og fleire uttrykte glede over løpet og ser fram til neste år.

Datoen for neste års løp blir truleg 30. mai.

Sender med nokre bilete frå løpet. Du kan sjå meir bilete på www.lettfot.no 

Tusen takk igjen for all støtte! Dei siste fem til seks timane sprang eg med utstyr frå Velledalen IL.

Venleg helsing 

Hilmar Kråkenes



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.