Velledalen IL sin tropp under Ålesund maraton
Postet av Atle Jomar Hole den 4. Jun 2025
Arkivfoto frå 2024
Her kjem ei siste oppdatering før løpet
I dag, onsdag 4 juni klokka 19.00, var den totale påmeldinga 1147 deltakarar. Deltakarlista til Velledalen IL såg slik ut:
Heilmaraton:
Hilmar Kråkenes – start kl 10.00 (M 45-49)
KOMMENTAR: Hilmar sprang 105 km for psykisk helse sist laurdag (samla inn over 30 000 kroner), så det er uvisst korleis kroppen responderer. Dette kan nok ende med fleire ulike utfall, men Hilmar sjølv har som mål å springe heilmaraton på under 3 timar. Einaste VIL-utøvar på distansen, som vi ikkje har lov å vente det heilt store av denne gongen.
Halvmaraton:
Stian Mork – start kl.11.00 (M 45-49)
Robin Jørgensen – start kl.11.00 (M 34-34)
Bjørn Arve Brune – start kl 11.00 (M 60-64)
Per Inge Bjørnestad – start kl 11.00 (M 50-54)
Malin Berge – start kl. 11.00 (K 23-34)
Ludvig With – start kl.11.03 (M 50-54)
Erika Oginte – start kl.11.03 (K 35-39)
Frank Andersen – start kl. 11.03 (M 35-39)
Ole Robert Strømme – start kl.11.03 (M 35-39)
Fridtjof Fredriksen – start kl. 11.03 (M 55-59)
Anne Grethe Leine – start kl. 11.09 (K 40-44)
Emma Holmberg – start kl. 11.09 (K 23-34)
KOMMENTAR: Stian Hole var påmeld, men står av grunna sjukdom. Frank Andersen og Ole Robert Strømme er debutantar på distansen. Fleire av løparane våre har køyrt seg knallhardt siste tida, så karar som Per Inge Bjørnestad, Frank Andersen med fleire, skal ikkje vere skuffa om dei ikkje får fram sitt beste. Ludvig With, Stian Mork og Malin Berge (KM-vinnar) spring sine fyrste halvmaraton for Velledalen IL. Gledeleg at vi har med fire kvinner på distansen. Mange av løparane våre vil hamne topp-3 i sine respektive klasser.
10 KM:
Frode Mauren – start kl 12.00 (M 50-54)
Trond Bonesmo – start kl. 12.03 (M 55-59)
KOMMENTAR: Frode er heilt klart pall-kandidat i klasse M 50-54 på 10 km. Vi tippar Trond har 50 minutt som eit mål, ei grense han sprengde under Sørestrandmila sist laurdag. No er løypa tøffare enn i Straumgjerde, så greier han smyge seg under 50 minutt fortener han ei stjerne i margen.
5 KM:
Alf Petter Bøe – start 13.06 (M 55-59)
Margrethe Fjetland – Av Byrg sine gode hjelparar
Bjørn Arve Brune – Av Byrg sine hjelparar etter eigen halvmaraton.
KOMMENTAR: I skrivande stund har vi ingen seriøst-satsande på 5 km. Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er halvskada og vil ikkje halde høg fart, medan Margrethe og Bjørn Arve ofrar seg for englane sine, løparane til Byrg. Og dei er skikkeleg mange – supert levert!!
ANDRE LOKALE HELTAR:
10 km-lista viser at ei rad andre sykkylvingar skal i aksjon. Vi har tidlegare namngitt eit fint knippe som spring halvmaraton, her kjem ANDRE-lista på 10 km:
Geir Ove Bueide, Hundeidvik IL – start kl.12.03
Bengt Bueide, Sykkylven IL, - start kl 12.03
Christian Max Treloar, Ekornes A/S – start kl. 12.03
Jon Bjørnar Furseth, Ålesund, - start kl. 12.06
Ruby Hoprekstad, Ekornes A/S – start kl. 12.09
Hege Nordang, Ikornnes, - start kl. 12.09
Karen Josefsen, Sykkylven – start kl. 12.09
Alma Utgård, Ekornes A/S – start kl. 12.09
Irene Hørte Høibakk, Ekornes A/S – start kl. 12.09
KOMMENTAR: Som vi ser er det duka for BUEIDE-meisterskap på 10 km – i same startfelt – ein lokal godbit på nordsida av fjorden.
VERDT Å MERKE SEG: Truleg vil det kome eit par-tre fleire utøvarar frå Velledalen IL enn dei som står på listene her. Men no vil det ikkje kome fleire oppdateringar før løpet, men alle som representerer Velledalen IL vert naturleg nok omtala i etterkant. Lukke til, anten farta er høg eller låg!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025