Holmenkollmarsjen: Lovande sesongstart av Constantin

Postet av Atle Jomar Hole den 14. Feb 2026

 

Nummer 36 av 183 fullførande i klasse M 25-29

 

Laurdag 14.februar markerte sesongstart i skiløypa for Constantin Moses Rust. I eit krevande renn over ikkje mindre enn 52 km. Mange av landets beste skiløparar deltok, både av dei som driv tradisjonelt langrenn og dei som driv såkalla langløp.

 

HOLMENKOLLMARSJEN 2026

M 25-29 (183 fullførande):

1.Amund Hole, Åsen IL, 2.23.18.3

2. Amund Riege, Rustad IL, 2.23.18.4

3. Alex Jutterstrøm, Team Eksjøhus, 2.23.22

36. Constantin Rust, Velledalen IL, 2.59.04

 

I alt på distansen over 52 km fullførte 1221 løparar. Av desse vart Constantin nummer 107.

Med andre ord; ein kraftfull sesongstart av Constantin!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.