UNGDOMS-NM ORIENTERING: Fantastisk 8 plass til Mikkel i H 15
Postet av Atle Jomar Hole den 1. aug 2026

Også gode tendensar i løpa til Sofie og Sigurd
RESULTAT KLASSE H 15 - 5010 meter (50 startande deltakarar)
1. Magnus Lesteberg, Kongsberg O-lag, 43.19
2. Finlay Duncan, Sandnes IL, 45.37
3. Tarjei Hausken Nordberg, Nydalens SK, 46.00
4. Iver Foss Dahlberg, Emblem IL, 47.17
5. Simon Søndervik Lekve, Varegg, 47.32
6. Eivind Sætrang, Nydalens SK, 48.51
7. Halvor Gjestrud, Notodden OL, 51.20
8. Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 51.35
9. Aksel Sandstad Skjeset, Frol IL, 51.59
10. Philip Fiebig, Raumar Orientering, 52.32
35. Erlend Husevåg-Lobben, Førde IL, 1.15.38
37. Adrian Edward Maximillian Ringdal, Haugesund IL Orientering, 1.16.23.
Rett og slett fantastisk! Iver frå Emblem IL og Mikkel frå Velledalen IL slo samtlege trøndarar i Oslo i dag. Hadde det vore Midtnorsk meisterskap i H 15 i dag hadde det vorte dobbelt-siger til Sunnmøre, noko som ville blitt rekna som ein sensaasjon.
Hovudløpet - i dag langdistanse - vert rekna som ungdoms-NM i orientering sidan dei beste er på plass. Såleis er 8.plassen til Mikkel det beste nokon ungdom frå Velledalen IL nokon gong har levert i greina orientering.
Og faktum er at Mikkel kom heller dårleg i gang. Ved "stempling" på post to var han nummer 20 i klassa, og ved post tre nummer 19. Men siste del av løpet var vesentleg betre slik at han enda på ein finfin 8.plass - av 50 startande 15-åringar
I tillegg til Mikkel, representerte Sigurd Ringdal Linga og Sofie Fløttum Fauske Velledalen IL. Sigurd vart nummer 9 i klasse H 14-16 på tida 1.12.55. Ein storbom med tidstap på nær 20 minutt ødela alt for Sigurd denne gongen. Sofie vart nummer ni i D 14-16 kort på tida 1.33.55. Ho leid langt på veg same lagnad som Sigurd med eit par tidlege bom, men hadde fleire sterke strekktider - også mellom dei tre beste - seinare i løpet.

Dei tre VIL-utøvarane er med på Landsleiren i samband med Hovudløpet. I morgon spring dei Ungdoms-NM i sprint. Mikkel og Sigurd i klasse H 15, Sofie i klasse D 15.
Nettsida ynskjer lukke til!!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
MOROLØP PÅ LANDSSAMLING I ORIENTERING
03.08.2026
UNGDOMS-NM SPRINT ORIENTERING
02.08.2026
3604 grasrotkroner i juli månad
01.08.2026