VIL sin vinterkolleksjon: Har vi skidressar…?
Postet av Atle Jomar Hole den 27. Feb 2026

Svaret er JA, men interessa siste åra har vore laber.
For nærare ti år sidan handla Velledalen IL inn tre stk langrennsdressar. Dei gjekk raskt ut. Og faktisk er dei ganske fine. Ellen Marie Hole er mellom dei få som har, og ho har nyleg vore ute i marka og lufta Velledalen IL sin vinterkolleksjon (sjå foto!).
Sidan Velledalen IL denne vinteren skal ha ein rekordstor tropp under Birkebeinerrennet, burde fleire hatt slike skidressar. Men vi rekk det nok ikkje til årets renn. Men vi håper det kan kome ein reaksjon frå dei som skal av garde i 2026, om laget skal handle inn fleire, og gjerne med ynskje om storleik. Meld gjerne frå direkte til innkjøpsansvarleg Frode Mauren, evt til skigruppeleiar Svein Arne Nakken.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
2651 grasrotkroner i februar 2026
01.03.2026
Ei veke til siste karuselløp i Ålesund
01.03.2026
FJORÅRETS GRENSESPRENGJAR: ANDERS WESTRHEIM
25.02.2026
ALPERITTET MED VIL-DELTAKING
21.02.2026
VELLEDALEN IL-PÅMELDE BIRKEBEINERRENNET 2026
19.02.2026