Takk til manager, Anita!

Postet av Atle Jomar Hole den 15. Mar 2026

 

Anita Mosby Nakken var manager til tre løparar under Birkebeinerrennet 14.mars

 

Det krev si kvinne, og difor er Nettsida svært takksam for at ho to seg tid til å sende foto. Løparane hennar er ektemannen, Svein Arne, og tvilling-sønene Sivert og Andreas. Enno er den mest røynde, Svein Arne, som gjekk sitt 30.renn i går, den sterkaste.

 

Men det skal seiast, no kjem sønene med stormskritt. Tidene i går var:

Svein: 4.00.00

Sivert: 4.21.22

Andreas: 4.31.41

Svein har framleis kontroll, men trioen har aldri tidlegare vore så jambyrdige. Og det skal seiast; dette var under særs krevjande forhold, noko som skal favorisere den mest røynde. Så dersom Sivert og Andreas legg inn ei lita satsing, vil dei om kort tid kunne vere faren sine likemenn i sporet. Men dei må ha det klart føre seg; det kjem ikkje av seg sjølv – det må trenast godt!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.