Stillfarande hjelpar har passert 80
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Mar 2026

Kjetil Pål er truleg best kjend som ein av dalen sine beste historikarar, men karen er i høgste grad allsidig.
18 mars passerte Kjetil Pål Brunstad 80 år. Ein høgst oppegåande 80-åring. I Velledalen er han nok best kjend for sitt evigvarande engasjement for Velledalen Sogelag. Men i Velledalen IL heldt vi mannen høgt også av andre grunnar
VÊRSPÅMANN: Kjetil har i lengre tid hatt tittel som klubbmeteorolog 2 i Velledalen IL, men har no rykt opp til klubbmeteorolog 1, sidan Per -Gunnar Holmberg har trappa ned. Ofte – men ikkje alltid – er han ganske så samd med vêr-spåmannen, Ivar Hol. Nokså naturleg sidan meldingane deira langt på veg bygg på same læra. Kjetil seier til VIL-Nett at vi sakte men sikkert vil gå inn i ein kaldare periode, men han trur ikkje det vert mykje snø. Men vêret KAN stikke kjeppar i jula for PåskeKonrad som i år vert arrangert 1.april.
Kjetil er – saman med sambuar Solbjørg – ein klyppar innan faget rulling av tombola-lappar. Ofte får dei levert 4000 lappar, og kjem att med like mange, ferdigrulla, to-tre døgn etterpå. Her går det unna. Og Solbjørg er fast leverandør av heimeproduserte kvalitets-vinstar til loddbøkene. Og vi treng ikkje eingong spørje om å få – det berre kjem. Med andre ord; skikkeleg gode støttespelarar!
SISTE STORRENNET I BRUNSTADBAKKEN: I 1965, ei veke etter Kjetil hadde passert 19 år, var han på plass i Brunstadbakken. Som tilskodar og utkommandert hjelpar under eliterennet i hopp der fleire landslagshopparar var med. Rennet samla 1500 tilskodarar, det meste eit VIL-arrangement nokon gong har gjort. Ovarennet i Brunstadbakken hadde ikkje stillas. Difor var det under prøveomgangen litt prøving og feiling med fri fart. Som resulterte i at romsdalingen Hans Jørgen Næss landa på «flata» (på 65 meter), knakk saman og braut foten.
Mellom dei som då var på plass og fekk Hans Jørgen opp på ein kjelke og frakta han bort til bilveg, og såleis klargjorde han for legebesøk, var Kjetil Pål Brunstad. Rennet vart vunne av Johan Flytør, Bondeungdomslaget, medan 21-åringen Hans Olav Sørensen, Mebonden, sette ny bakkerekord med 60,5 meter. Ingolf Mork, Fram 1907, som nokre år seinare vann den tysk-austerriske hoppveka, vann klasse yngre junior med fjerde beste poengsum.

TEKST FRÅ SA: I mars 1965 dreiv folket på Brunstad landbruk. Ingen bønder var viljuge til å ofre dyrkamarka si til parkering. Med det resultat at det vart eit sabla kaos. Avsnittet under er saksa frå Sunnmøre Arbeideravis:
- Som vanlig hos Velledalen Idrottslag var arrangementet førsteklasses. Det er en ting, som arrangøren ikkje kan noe med, vi må peke på. Parkeringstilhøva ved Brunstadbakken må det gjøres noe med. Som forholdene var lørdag, måtte folk vente opptil to timer etter rennet var slutt, før de kunne komme seg heim. Slikt framtvinger irritasjon. Forholdet var at lensmannen nektet bileierne å parkere på riksvegen. De ble henvist til Nakkebergvegen, men denne var så smal at forbikjøring var umulig, dermed var en avhengig av de foranstående bilene før en kunne komme seg ut. Utbedre denne Nakkebergvegen Sykkylven kommune, så slipper en forhold som lørdag.
KULTURMINNE. Om nokre dagar - 25.mars 2026 - er det 61 år sidan Johan Flytør fekk eit komplett «soveværelse-møblement» i premie i Brunstadbakken. Karar som Olav P. Hole, Jon Hjortdal og Fridtjof Drabløs, med fleire, hadde verkeleg lagt seg i selen. Det er 61 år sidan Kjetil Brunstad var med og drog Hans Jørgen Næss bort frå bakken med beinbrot på kjelke. Bakkerekordhaldaren i Brunstadbakken er i dag 82 år (om han er i live). Brunstadkarane er i dag gode på skogsdrift, men det einaste kulturminne dei har innan idrett, har dei lete gro att (sjå foto!). Det er ikkje lett gjort å få auge på bakken, men sletta der Kjetil Pål (80) drog skihoppar med beinbrot som 19-åring – eit minne som fylgje han resten av livet - den ligg der like strøken. Kanskje til og med i betre stand enn den var i 1965!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026
Orientering: KM sprint i Molde i dag
25.04.2026