HUSTADVIKA: Halvmaraton gav fire klassesigrar.
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Apr 2026

Arkivfoto: Her er Eldar Sindre Valkvæ nr 604
Med Hilmar som fartshaldar vart det personleg rekord på Malin. Og sterke tider på Sverre og Eldar Sindre
Malin Berge hadde i 2025 ei bestetid på halvmaraton lydande på 1.30.42. Sett i København i eit enormt startfelt. I dag var startfeltet på Tornes ved Husttadvika så lite ein nesten kan tenkje seg. Berre sju deltakarar på halvmaraton. Men med eigen fartshaldar (Hilmar Kråkenes) kom Malin inn på 1.30.09. Ny personleg rekord med 33 sekund, og neste kong ho har fartshaldar skal ho under 1.30.
Sverre Kjerpeset var med på same fartshaldar som Malin. Halvmaraton-debuten til Sverre i klasse M 40-44 gav finfine 1.30.23 som resultat. Ei tid alle som har sett Sverre «live» lett let seg imponere av, då «guten» ikkje er av dei skrinnaste. Det er rett og slett imponerande av Sverre å kome inn til 1.30.23, ein prestasjon som lovar det beste for halvmaraton-KM på Vartdal i mai månad.
Fartshaldaren Hilmar Kråkenes kom inn på same tid som Sverre, 1.30.23, og vart såleis klassevinnar i M 45-49. Hilmar er nok god for betre, men i dag var det jobben som fartshaldar som talde. Og vi skal hugse på; det er berre åtte døgn sidan han vart nummer to av 100 under Høyanger Backyard Ultra, eit løp på 64 kilometer. Vi kan trygt slå fast; HILMAR ER I FORM!
Så til eldstemannen vår i Romsdal; Eldar Sindre Valkvæ. I fjor, i 2025-sesongen, hadde han ei bestetid på halvmaraton på 1.36.03 (Grue). I dag – som eitt år eldre – noterte han 1.36.17. Og Eldar Sindre hadde IKKJE fartshaldar. Her er det garantert meir å tyne ut om fleire vil spele på lag, men 1.36.17 for ein mann som dreg seg mot 70 år, det er rett og slett fantastisk.
Velledalen IL gratulerer kvartetten som sprang halvmaraton i Romsdal – fire startar og fire klassesigrar = maksimal utteljing!
NB: Vi kjem truleg att meir meir – mellom anna Strava-kommentarar – seinare.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026
Orientering: KM sprint i Molde i dag
25.04.2026