Andreas brukte 2.30 og vann Koldabakken Grand Prix!
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Apr 2026

I alt 23 deltakarar – 15 i trim utan tidtaking og åtte i konkurranse – tok seg opp Koldabakken i dag.
Koldabakken Grand Prix er eit kort, eksklusivt motbakkeløp arrangert av Velledalen IL. Løypa er maks 400 meter, der fyrste fjerdedelen er ganske flat etter grusveg. Så går ein over til stigning på beitemark. Arrangementet sundag 19.april gjekk under gode forhold. Fin temperatur og ingen vind.
I trimklassa utan tidtaking melde 15 utøvarar seg på. Den eldste hadde passert 70 år, den yngste berre eitt år. Også i konkurranseklassa var det ganske stort spenn i alder. Frå Asgeir Tandstad (fødd i 1958) som den eldste, til niåringen, Teo Bårnes, som den yngste. Alle leverte prima innsats.
Sidan det var born mellom deltakarane er tidene oppgitt utan plassiffer:
Asgeir Tandstad, 4.03
Teo Bårnes, 3.49
Andreas Mosby Nakken, 2.30
Svein Arne Nakken, 3.14
Henning Tandstad, 3.15
Ole Martin Korsnes, 2.39
Frode Mauren, 2.49
Jone Schmidt Breivik, 2.47.
Litt skuffande at ikkje fleire prøvde seg på tid. Men sidan der enno ikkje går beitedyr, er det mogleg å prøve trasèen dei næraste dagane. Start frå garasjen til Nils Terje Skylstad og hald deg til merkepålane til du er på toppen.

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026
Orientering: KM sprint i Molde i dag
25.04.2026