MiniKonrad 2026 i tal

Postet av Atle Jomar Hole den 27. apr 2026

 

Gutane i ganske klart fleirtal denne gongen

 

Ganske ofte dei siste åra har vi hatt jentefleirtal på deltakarsida under MiniKonrad. I år slo gutane kraftig tilbake. Her er tala:

Gruppe 2010 – 2015: 4 gutar og 4 jenter = 8

Gruppe 2016 – 2020: 15 gutar og 8 jenter = 23

Gruppe 2021 – 2026: 24 gutar og 17 jenter = 41

                                  I alt: 43 gutar og 29 jenter = 72

 

DELTAKARTAL PER ÅRSKLASSE ETTER FØDSELSÅR:

2026: 1

2025: 3

2024: 3

2023: 13

2022: 5

2021: 16

2020: 5

2019: 6

2018: 6

2017: 3

2016: 3

2015: 4

2014: 1

2013: 3

2012: 0

2011: 0

2010: 0

Tal til ettertanke i eit år der MiniKonrad nådde sitt botn-nivå. Imponerande frammøte av 2021- og 2023-årgangen. Dei to årsklassene hadde åleine 40 prosent av deltakarane. Elles litt spesielt at yngste deltakar, Sofie Ulset-Breiteig(f.2026), er oldeborn av Kjellaug Ulset, eldste kvinne som har fullført Konradløpet. Kjellaug la bak seg heile hovudløpet – frå start til mål – då ho gjekk i sitt 91. leveår.

    Eit anna litt spesielt moment er at eldste herre som har fullført Konradløpet, Tomas Tandstad (gjekk i sitt 92.leveår), er bestefar til noverande friidrettsleiar i Velledalen IL, Henning Tandstad.


Logg inn for å skrive en kommentar.