KONRAD-FESTIVALEN 2026: OPPSUMMERING

Postet av Atle Jomar Hole den 2. mai 2026

 

Her kjem deltakartala for dei ulike Konradløpa kvar for seg og samla

 

Deltakartal for Løpsfestivalen i Velledalen 2026:

1.april 2026: PåskeKonrad – 64 fullførande

25.april 2026: MiniKonrad – 72 fullførande

1.mai 2026: Konradløpet – 304 fullførande

 

Det samla talet fullførande deltakarar vert då 440. Eit godt tal. PåskeKonrad har hatt sterke tal siste to åra, men det kan fort gjort verte tilbake til normalen om vi får ei påske med gode snøforhold og ditto dårlegare løpsforhold. Hovudløpet var i år eit av dei beste med 304 fullførande. Berre eit par gonger før på 23 år har vi hatt like mange. Men diverre er det dårlege tal for MiniKonrad. Her er rekorden 203 fullførande, eit deltakartal som ikkje lenger er realistisk grunna låge fødselstal. I 2026 måtte MiniKonrad nøye seg med 72 fullførande.

 

Men alt i alt er Løpsfestivalen i Velledalen berekraftig.

Takk til alle som bidrog til det gjennom deltaking og dugnadsarbeid, givarglede og velvilje

Det ligg utruleg mange timar frivilleg arbeid bak – til og med nattarbeid!

 

Velledalen IL takkar ALLE!


Logg inn for å skrive en kommentar.