To blad Vikås sprang i Rogaland 1.mai

Postet av Atle Jomar Hole den 3. mai 2026

 

Verda er ikkje stor. Emil og Stian Vikås i same løp som onkel til Jone i Rogaland

 

Mai er ei hektisk tid med konfirmasjonar og andre familie-samlingar. Og mange løp. Nettsida har motteke ei triveleg melding frå  Stian Vikås. Han skriv at på grunn av familievisitt i Stavanger, vart det Strandamilå på Tau i Rogaland som erstaning for Konradløpet 1.mai i år, for han sjølv og sonen Emil. Begge sprang for Velledalen IL.

 

Og begge karane gjorde det svært så bra:

Emil Vikås (13) kom inn på tida 21.21. Klassevinnar i M 12-13, og nummer seks totalt av alle gutar/menn på 5 km.  Rapportane frå Rogaland seier at Emil var godt nøgd med eiga disponering av løpet. I same slengen nemner vi at Emil sprang Konradløpet på 19.56 som 11-åring – ein kar som heilt klart har talent for springing.

 

Stian Vikås kom inn på 20.17 og vart nummer to i M 40-44. Rapportane frå Tau fortel at Stian hadde håp om å sjå 19-talet, men det gjekk ikkje denne gongen. Han melder også at han innser at dagane der han kan halde Emil bak seg, snart kan vere talde. Men Stian vart totalt nummer fem på 5 km av alle gutar/menn – meir enn godkjent.

 

Somme vil kanskje meine at Strandamilå burde vore avvikla på Stranda, men det er altså i Rogaland. Faktisk fanst der vel noko som heitte Strandamila ein gong i tida.

Og kven trur de deltok på trippelen under arrangementet. Jau, ingen ringare enn Henning Tjøstheim, som representerer, Spirit FIL. Same klubb som Janne Elin Vatnaland, kvinna som sette ny rekord under Konradløpet. Og kvifor skriv vi om Henning Tjøstheim…? Jau, fordi han er onkel til VIL-løpar Jone Schmidt Breivik. Og sprang 5 km på 17.04, 10 km på 34,20 og halvmaraton på 1.16.59. Ein hardhaus!

 

Verda er ikkje så fælt stor!


Logg inn for å skrive en kommentar.