Hagemanns Backyard Festival 2026: Hilmar nr 2
Postet av Atle Jomar Hole den 3. mai 2026

Hilmar Kråkenes måtte gi seg etter 35 rundar. Glenn Hjortefot Jørgensen vann med 36.
Starten gjekk 2.mai klokka 10.00. Kvar heile time starta løparane på ny runde (kvar runde på 6,7 km). Runde1 samla 274 utøvarar, men alt etter fyrste runden byrja løparar falle av. Sakte men sikkert minka talet utøvarar. Ganske mange gav seg etter å ha passert 100 km, som truleg var eit mål for fleire av dei. Mot slutten var det to utøvarar igjen. Vår eigen Hilmar Kråkenes fødd i 1978, og Glenn Hjortefot Jørgensen, fødd i 1979. Altså to menn i slutten av 40-åra som stod seg best.
Hilmar hadde sin siste rundestart klokka 21.00 sundag 3.mai. Han greidde fullføre 35 rundar kvar på kring 6,7 km. Eller i km la han bak seg kring 236 km på 35 timar. Hjortefot Jørgensen var åleine om å fullføre 36 rundar, og stod dermed att som vinnar av Hagemanns Backyard Festival 2026.
Men ein fantastisk innsats av Hilmar. Slikt kan lett setje spor etter seg i negativ forstand sidan dette er tyning både av kropp og sjel, men vi vonar Hilmar seg rask etter påkjenninga som uansett er tøff. Det kan nemnast at Hilmar brukte stort sett 44-52 minutt på kvar runde, som betyr at pausane mellom kvar runde var mellom 8-16 minutt.
Vi kjem tilbake med Hilmar sine eigne ord knytt til opplevinga på eit seinare tidspunkt, men vi slår fast at alle i VIL-miljøet med rette kan vere stolt av ein slik lagkamerat!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ecotrail Oslo: Constantin stiller
29.05.2026
FORNEBULØPET: Resultat 10 km
28.05.2026