Ola og Per Magne stiller i O-KM
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Mai 2026
Ola med nr. 221 på Konradløpet
Sundag 10.mai vert O-KM mellomdistanse arrangert på Aksla i regi av Emblem IL
Kvelden før løpet har 70 utøvarar meldt seg på. Til O-KM mellomdistanse fpr Møre og Romsdal. Asgeir Bakken Rognstad er løpsleiar og løypeleggjar.
Desse klubbane er representerte under KM:
Emblem IL
MOI
Isfjorden IL
Velledalen IL
Halsa IL
Utanom KM er desse klubbane representerte:
Lillehammer OK
Tistedalen FL
IL Gular
Fossum IF
Frå Velledalen IL stiller:
H 13-14: Ola Drotninghaug
H 40- : Per Magne Drotninghaug
I klassen til Ola er seks utøvarar påmelde (to frå Emblem IL, tre frå MOI). Per Magne skal knive mot seks frå Emblem IL, pluss ein einsleg moldensar.
Den etter måten svake deltakinga i tal utøvarar frå Velledalen IL, skuldast mellom anna kollisjon med konfirmasjon
Nettsida ynskjer Ola og Per Magne masse lukke til på Aksla i morgon!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
O -KM Ålesund: Familien Drotninghaug deltok
10.05.2026
Hadde Konradløpet tilskodarar…?
09.05.2026