Stiller Velledalen IL under Holmenkollstafetten 2027 ?
Postet av Atle Jomar Hole den 10. Mai 2026

Spørsmålet vart reist under løps-treninga på Ikornnes Idrettspark same dag stafetten vart avvikla i Oslo.
Så langt tilbake som 1980 var Velledalen IL på plass i Oslo med lag under Holmenkollstafetten. Herrelag vart stabla på beina i 1980, 1981, 1982,1983 og 1984. Løypa var nok litt annleis då enn no, men bestetida til Velledalen IL frå 1981 (45 år sidan) lyder 54.42. Og faktisk mønstra Velledalen IL også damelag i 1982, 1983 og 1984. I ei tid der langt færre løparar enn i dag held til i Oslo. Primus motor for denne satsinga var Terje Aurdal.
Dei som sprang på Velledalen IL sitt lag i 1982 var – frå 1. til 15. etappe:
Einar Magne Fet
Jan Egil Årnes
Kai Roger Skylstad
Atle Jomar Hole
Bård Per Erstad
Terje Sigbjørn Aurdal
Bjørn Harald Vanebo
Nils Terje Skylstad
Nils Petter Støyva
Jarle Svindseth
Ove Inge Skylstad
Pål Rune Fet
Svein Martin Lid
Sveinung Grebstad
Per-Gunnar Holmberg.
Eit ganske så ungt lag den gongen. Bård Erstad og Einar Fet dei einaste over 30 år, Svein Martin Lid den yngste(18). Elles vart Pål Rune Fet 20 dette året, medan Hau-tvillingane, Ove og Kai, var 21.
Damelaget frå 1982 hadde med fire løparar frå Velledalen IL. Det er Karete Hjorthol , Bente Brunstad, Inger Riksheim og Benedikte Holmberg (tre av dei i gult i fremste rekkje) Fleirtalet på laget hadde band til Sykkylven IL, medan Ikornnes IL også var representert (Sølvi Sjøholt).

Til slutt nemner vi at fylgjande VIL-utøvarar som vi veit om sprang Holmenkollstafetten i går:
Hilde Riksheim Tandstad – Norabakken
Anette Heimli Jokstad – ein etappe for Tyrving, ein for jobben
Ellen Marie Hole – langetappe for jobben
Elisabeth Taubøll – sprang 2.etappe
Njål Torillson Tyssing - sprang to etappar
Constantin Rust – sprang to etappar
Roger Malvin Hole – sprang for jobben (Bama)
Vidare veit vi at : Mathilde Sofie Kjellsbøl Hole, Oda Alette Kjellsbøl Hole, Oskar Johan Kjellsbøl Hole, Per Kåre Langlo (eks Stranda) og Janne Elin Vatnaland (Konradløp-vinnar 2026), alle var i aksjon.
Men altså: Det vart ytra ynskje om eit come back frå gjengen som deltok under løpstreninga på Ikornnes Idrettspark laurdag morgon. Og faktum er: Om klubben vil, greier ein ganske lett stille tre lag; herrelag, kvinnelag og eit veteranlag.
Men slikt må bestemmast tidleg. Kva lag og kor mange – og ikkje minst; det må PRIORITERAST av løparane i ei tid der det formeleg aular av tilbod.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
O -KM Ålesund: Familien Drotninghaug deltok
10.05.2026
Hadde Konradløpet tilskodarar…?
09.05.2026
Ola og Per Magne stiller i O-KM
09.05.2026