Hagemanns Backyard Festival 2026
Postet av Atle Jomar Hole den 14. mai 2026
"Kom til Svelvik fredag 1. mai om kvelden. Eg, Åse Maria og Mathias etablerte basen min inne på Ebbestadhallen same kvelden.
Sjølv om eg begynte å bli nervøs dagane før løpet, så sove eg bra fram til løpsdagen. Dette trur eg gav positivt utslag. Søvn er viktig fokusområde før løpet. Det var også viktig at alt av utstyr eg hadde med meg var godt merka, slik at det blei lett å finne fram. Samtidig øve på å finne fram utstyr før løpet.
Løpet starta klokka 10:00 laurdag. Løpet er Backyard Ultra – Last Man Standing-konseptet. Dette vil seie å jogge 6706 meter kvar time, med start kvar heile time.
Time 1 til 10 gjekk greitt.
Time 11 til 17 var veldig vanskelege. Eg sleit skikkeleg med magen. Time 12 og 13 var nok den verste tida i heile løpet. Magen byrja å stabilisere seg utover mot time 17.
Time 18 til 28 gjekk ganske greitt. Eg sleit med kvalme i runde 21–22, men dette gjorde eg med vilje. Eg tok i meg ganske mykje mat. Kvalmen sleppte etter 3–4 km i runde 22. Eg sleit ofte med starten frå omtrent time 20 til 28. Var stiv og støl. Eg er usikker på når eg blei betre, men det kom seg etter ei fartsauke dei siste 1,5 km før mål.
- Hadde musikk med meg éi runde. Dette var fyrste gong eg har høyrt på musikk i eit løp. Ei heilt grei oppleving, men det gav meg ikkje særleg mykje.
- Eg hadde plan om å gje meg etter 28 timar, men slik blei det ikkje. Etter 28 timar hadde eg tangert Frank Løke. Dette sa eg til Einar Hagemann. Kommentaren frå Einar var: “Tar du 29, er du forbi han. Ingen gir seg etter 29, då blir det 30. 33 er eit flott tal, og 35 er ikkje langt unna.” Einar hadde rett. Eg kunne halde fram.
Time 29 til 32 var stillingskrig. Vi var blitt reduserte til om lag 5–6 stykker. Kroppen fungerte betre og betre. Time 32 blei tull – eg brukte 41 minutt. Det er heilt greitt å springe fort, men ikkje gjennom heile runda. 1–2 km med bra fart erfarte eg var veldig bra for kroppen, og det gav meg ein god «boost». Derfor er dette noko eg vil gjere i framtidige løp, men ikkje halde høg fart heile runda.
Time 33 til 35 var det meg og Glenn igjen. Kjensla eg fekk då vi var to igjen, var ubeskriveleg. Eg kjende at eg fekk gåsehud. Eg hadde følgt med på andre løp, og tenkt at det å vere dei to siste måtte vere kult. Tenk at eg skulle få oppleve det i mitt fyrste «Last Man Standing»-løp. På time 34 blei eg skikkeleg stiv, og runde 35 var veldig krevjande. På runde 35 bestemte eg meg for å avslutte løpet, sjølv om eg kom i mål på ei ganske god tid, rundt 51 minutt.
På time 36 takka eg Glenn for kampen. Eg gjorde meg klar til runde 36, starta, men avslutta etter 200 meter. Til mi store overrasking fungerte kroppen ganske bra dei 200 metrane. Eg hugsa: “Søren at eg ikkje har med meg mat.” Derfor er eg ganske sikker på at eg hadde minst 5–10 timar til inne. Likevel følte eg at det var rett å gje seg der. Glenn er ein verdig vinnar.
Det blei lite søvn gjennom heile løpet – eg tippar 2–3 minutt. Eg var aldri trøtt. Dette overraska meg, at det skulle fungere så bra. Eg trudde eg skulle få større problem med trøttheit.
Mat-erfaringar:
Mat er vanskeleg! Dei fyrste 5–6 timane var det lett å ete. Utover blei det vanskelegare. Eg greier ikkje å hugse alt i detalj, men nokre ting sit att. Etter at eg fekk store mageproblem frå time 11–13 og fram til time 17, blei eg mykje meir einspora i matvegen. Eg ville ikkje ha mat eg hadde opplevd gav vond mage, som hamburgar, mjølkeprodukt med laktose og nudlar.
Mat eg stort sett heldt meg til dei siste 20 timane:
- Laktosefri iskaffe
- Litt havregrynsgraut utover
- Chips
- Kaffi
- Solbærsaft
- Nutridrink (må sjå på variant utan mjølk)
- Skiver av fenalår.
Mat eg hadde med meg i løypa:
- Gel, smågodt og litt chips → fungerte godt
- Polly-blanding éi runde → dårleg oppleving
- Ei flaske vatn med ein tablett med salt og liknande
Erfaring med løypa:
- Fyrste delen var asfalt. Den var veldig bra for meg. Eg fekk kroppen varm igjen og fekk vekk stølheit.
- Del to var grus og oppover mot Lykketoppen (mitt namn). Her blei det mykje gåing.
- Frå Lykketoppen til skogen (vatnet): grus. Flatt i starten → lett jogg. Lengste bakken → roleg gange. På toppen: roleg nedover til skogen.
- Skogen: halde roen, ikkje snuble.
- Etter skogen til parkeringsplassen (grusveg): åt ofte litt smågodt i starten. Om lag 3,5 km ut i løypa. Her handla det om å halde roleg fart og få kroppen i gang. Nokre parti med steinar i løypa, som eg lett kunne snuble i.
- Parkeringsplassen og opp «Lykkebakken»: asfalt først, så ned to trapper (eg brukte sti ved sidan av trappa dei fyrste 24 timane – vil bruke trappa meir neste gong). Deretter kort, bratt bakke opp til Lykketoppen. Den bakken var alltid god.
- Lykketoppen til mål: her henta eg meg ofte inn. Typisk Hilmar-terreng. Grus nedover 600–700 m, så asfalt ca. 1200 m, og litt grus/terreng inn mot mål.
Sko:
Eg bytta mellom Saucony Kinvara (dei grøne) og Alphafly. Eg blei positivt overraska over kor bra Alphafly fungerte, sjølv om dei fekk juling utover løpet. Starta med Kinvara, bytta til nye Kinvara etter 5–6 timar. Eg er usikker på når eg tok på Alphafly, men det var etter at eg fekk vondt under foten. Med Alphafly forsvann smerta. Eg bytta tilbake til Kinvara mot slutten, og det var også smart.
Konklusjon: Det er viktig å bytte sko fleire gongar under løpet.
Support/støtteapparat: Åse Maria og Mathias
- Åse Maria var uunnverleg. Ho ordna alt eg trong og støtta meg heile vegen. Eg var langt nede fleire gonger, men ho heldt moralen oppe.
- Mathias (min eldste son) var med utover laurdagskvelden til rundt 03–04. Då køyrde Åse Maria han heim. Han kom sterkt tilbake mot slutten av løpet, og var viktig for motivasjonen. Mathias sine oppgåver var å halde kontroll på det elektroniske, slik at det var oppladda til kvar ein tid. Han var også veldig viktig å halde moralen oppe.
- Åse Maria fekk like lite søvn som meg – dette må vi få betre kontroll på. Mathias har sagt seg villig til å ta nattøkter neste gong, men treng opplæring.
Min situasjon i løpet:
- Søvn: lite, men fungerte bra
- Mat: unngå mjølkeprodukt med laktose og mat eg ikkje har erfaring med.
- Sko: viktig med fleire skobyte i løpet av 35 timar
Til neste løp:
- Kjøpe salttablettar
- Tilpasse hovudlykta, slik at den ikkje presser veldig mot panna.
- Solskjerming og solkrem på spray
- Unngå laktose
- Ha betre plan dersom eg vurderer å bryte
· Det finst eigentleg berre to grunnar til å bryte:
· Kroppen vil ikkje meir (utmatting)
· Skade
- Etablere eit godt support-team. Der ein har klare definerte roller og oppgåver.
Etter løpet:
Eg stivna skikkeleg kort tid etter eg gav meg. Eg trong hjelp opp til leilegheita vi leigde i Svelvik, hjelp til å kle av og på meg, og til å komme meg i senga. Fyrste natta fekk eg høg feber og vakna fleire gonger av at eg sveitta mykje.
Allereie måndag morgon fungerte kroppen betre enn forventa. Eg kunne røre meg greitt. Elles har eg sove mykje, spesielt frå onsdag og utover. Eg byrja med roleg jogging frå onsdag. Kjenner det mest i knea (på utsida), elles lite å klage på. Kroppen hentar seg raskt inn att, og eg kjenner ikkje på vondter som bekymrar meg.
Planar framover:
Ja, dette vil eg gjere meir av. Eg vil vere med, å representere Noreg på VM-laget i Backyard Ultra i 2028. Kanskje allereie i 2026 om eg er heldig. Målet dei neste 5 åra blir å vere blant dei 5-10 beste i Noreg på dette konseptet. Kanskje eit heftig mål, men eg trur eg vil greie å vere på det nivået.
Eg meiner eg har kapasitet til minst 50 timar. Dette var fyrste gong, og ein veldig viktig erfaring. Oppgåva vidare blir å finne løp der nivået ligg på minst 40 timar. Silver Ticket-løpa i forbindelse med VM-lag blir viktige.
Minuset er at Oslo–Bergen Trail i 2027 ikkje er like viktig lenger."
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
FORNEBULØPET: Resultat 10 km
28.05.2026
Constantin Rust sterk i Fornebuløpet!
27.05.2026