Smånytt frå løpsregistreringa av tider i VIL
Postet av Atle Jomar Hole den 25. mai 2026
No er løpssesongen i gang for alvor, og Velledalen IL registrerer alle VIL-tider frå 3 km og oppover – uansett fart.
Hittil i 2026-sesongen har vi desse registreringane:
5000 meter baneløp: Så langt har vi 4 tider/registreringar.
5 km landeveg: 31 tider
10 km landeveg: 16 tider
Halvmaraton: 20 tider
Heilmaraton: 1 tid (Hermann Furland)
I alt 72 godkjende registreringar så langt
I tillegg har vi fem VIL-tider frå 3 km landeveg, Vårspretten i Ålesund. Desse vert diverre ikkje godkjende i VIL-statistikken fordi alle måleapparat av løypa (på Strava) viste at både 3km og 5 km var for korte. Alle løparane på 3 km hadde frå 2,99 km og nedover, medan alle som sprang 5 km hadde frå 4,96 og nedover. Då er diverre ikkje løypa lang NOK, sjølv om arrangøren melder om kontrollmålte løyper.
Dei ivrigaste så langt i sesongen:
5000 meter baneløp: Her har Anders Westrheim allereie tre noteringar.
5 km landeveg: Her har Sverre Kjerpeset, Fridtjof Fredriksen, Frank Andersen og Svein Arne Nakken alle kvar sine tre noteringar.
10 km landeveg: Her har Frode Mauren og Jan Ketil Vinnes vore trottigast med tre noteringar kvar.
Halvmaraton: Trioen Malin Berge, Sverre Kjerpeset og Eldar Sindre Valkvæ har tre løp, Stian Hole og Espen Utgård Sæther har to.
SØRESTRANDMILA: Komande laurdag (30.mai) bør mange nytte høve til å få registrert tider under Sørestrandmila. Her er distansane både 3 km, 5 km og 10 km. Og vi registrerer tider på alle VIL-utøvarar, uansett fart, og held på den måten kontroll på utøvarane sine årsbeste tider.
Som eksempel korleis dette fungerer kan vi nytte Frank Andersen M 35 -39, og distansen er 5 km landeveg:
Januar-26: 23.07 (Vinterkarusell, løp 3, Ålesund).
Februar-26: 21.28 (Vinterkarusell, løp 4, Ålesund).
Mars-26: 20.49 (Vinterkarusell, løp 5, Ålesund) .
Og kikar vi tilbake til Frank sitt « rulleblad» for 2025, finn vi at tida hans frå mars i år (20.49) også var ny personleg rekord. Noko som fortalde Frank at han var på rett veg i ein ny sesong, men så drog han på seg ein legg-skade som har sett han tilbake og gjer det heile litt meir usikkert.
Alle løp der distansen er OK vert registrerte, men ikkje løpsforhold (motvind, medvind, regn, snø, glatt og slike moment).
Det vil med jamne mellomrom kome små drypp på Nettsida vedkomande statistikkane
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ecotrail Oslo: Constantin stiller
29.05.2026
FORNEBULØPET: Resultat 10 km
28.05.2026