Constantin Rust sterk i Fornebuløpet!
Postet av Atle Jomar Hole den 27. mai 2026
Nummer tre av kring 2000 på 10 km med tida 31.39
Constantin Rust imponerte i det 10 km lange Fornebuløpet i kveld. Vinnaren, Theodor Berre Jacobsen, Sportsklubben Vidar var i ei eiga klasse med slutt-tida 30.29. Men det vart advokat-kamp om 2.plassen mellom John Christian Deighan (31.36) og Constantin Rust (31.39). Om ikkje Constantin har skifta jobb siste tida, er begge tilsette hos advokat-firmaet Haavind. Dermed vart Constantin nummer to i klasse M 23-34 år og nummer to i advokat-firmaet Haavind sin interne konkurranse.
Dette var flott levert, Constantin – nummer tre av kring 2000 deltakarar på 10 km er rett og slett fantastisk!
Resultatliste frå Fornebuløpet kjem i morgon.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026