Farsund 30.mai: Gyls-tvillingane spring NM-halvmaraton

Postet av Atle Jomar Hole den 29. mai 2026

 

Løpsmønstringa i Farsund har ikkje mindre enn sju ulike løps-alternativ.

 

Det er ikkje kvart år Velledalen IL er representert under NM-halvmaraton. Men 30.mai 2026 skjer det. I Farsund, ein by der Gyls-tvillingane har konkurrert fleire gonger før. Byen til mora, Anita Mosby Nakken. Men denne gongen er det NM, og dermed litt spesielt. Klokka 09.30, dagen før løpet, var samla påmelding i Farsund kome opp i fine 970 deltakarar. Truleg vil dei passere 1000.

 

NM-løpet (halvmaraton) hadde på same tid – 29.mai klokka 09.30 – 161 påmelde. I klasse menn senior, der Sivert og Andreas spring denne sesongen, hadde 43 påmelde. Dei har start klokka 11.30 i morgon for dei som vil fylgje løpet på EQ-timing, i kollisjon med Sørestrandmila

 

Nettsida veit ikkje om vår Fløttum-familie (Marianne & Co), har noko med Tone Fløttum å gjere. Men i alle fall spring ei Tone Fløttum i morgon NM for Fet Friidrettsklubb i klasse K 45-49. Fire deltakarar i klassa, så her kan det fort gjort bli topp-3 plassering.

 

Nettsida ynskjer Sivert og Andreas masse lukke til i Farsund!


Logg inn for å skrive en kommentar.