Ecotrail Oslo 21: Flott løp av Johanne Hjortdal
Postet av Atle Jomar Hole den 30. mai 2026
Foto: frå Nyss
Vart nummer 250 av 565 fullførande kvinner på distansen.
Aktiviteten i Velledalen IL er så stor at det er vanskeleg å halde seg orientert om alt. I dag kom det melding frå hovudstaden i kongeriket vårt, at Constantin Moses Rust ikkje var den einaste som representerte Velledalen IL under Ecotrail Oslo. Det viste seg å stemme.
Distansen 21 km under Ecotrail Oslo vart vunne av ei kvinne ved namn Karoline Wisløff Rud frå Sportsklubben Vidar på tida 1.23.38. Så bladde vi nedover resultatlista og fann Johanne Hjortdal på plass nummer 250 med tida 2.12.52. Så bladde vi nedover for å finne kor mange kvinner som fullførte distansen. Og det stogga på 565.plass og ei kvinne ved namn Bridget Hopkins frå Storbritannia med tida 3.55.51. Med andre ord; Johanne la godt over halvparten av kvinnene bak seg i dette løpet
Flott trening for Johanne, som er påmeld BMW Oslo Maraton – på heilmaraton til hausten. Akkurat det har nettsida kontroll på. Takk til tipsaren som gjorde at vi fekk med oss Johanne sin flotte prestasjon denne helga!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Orientering: Resultat frå o-sprinten i Stryn
15.06.2026
Støtta løp
13.06.2026
Birken Fjellmaraton: Sverre nr 26 i M 40-49
13.06.2026