Sigurd Ringdal Linga: Eit fantastisk flott talent

Postet av Atle Jomar Hole den 1. jun 2026

 

Tøff debut for Sigurd på 10 km under Sørestrandmila.

 

Sigurd Ringdal Linga er nykonfirmert. Altså er han fødd i 2011.  Er 14 år no, vert15 år seinare i 2026. Og i særklasse yngste utøvar som gav seg i kast med 10 km under Sørestrandmila sist laurdag. Yngste kvinne var Hege Ringdal, Sunnylven IL (27), medan Torstein Veum, Aurland IL, og Lucas Hurlen, Hildre, var yngst av mannfolka, begge 23 år.

 

Sigurd har vore med i løp tidlegare. Han har prestert både i Konradløpet(16.28 i år) og lokale motbakkeløp på Ikornnes og Strandafjellet. Dessutan syslar han både med fotball og orientering. Men erfaringa hans med eit løp på 10 km i ei flat løype, der erfarne løparar set ei høg startfart, var minimale.

 

Det opna, ikkje overraskande, feiande flott for Sigurd. Han hang fint med, unnateke den sterke tet-trioen. 19.19 på fyrste 5 km var strålande. Ei snittfart på 3,51 per km. Ei fart som tilsvara under 17.00 på Konradløpet. Nesten i rygg på veteranen Per Inge Bjørnestad. Men kor mykje hadde dette kosta guten…?

 

Svaret kom på runde to. Den vart blytung for Sigurd. Med lærdom i kvar einaste meter. Kanskje resignerte han litt mot slutten…? Rundetida på andre-runden vart 21.45. Ei snittfart på kring 4.20 per km. Totaltida vart likevel fine 41.04 (4.06 på kilometeren). Svært bra av ein 14-åring. Det same er total-plasseringa på 10 km; nummer 13 av 33 fullførande.

         Under 40 minutt er eit naturleg mål ved neste korsveg. Med fartshaldar-hjelp vil Sigurd greie det – eit uvanleg flott løps-talent!

...

Logg inn for å skrive en kommentar.