Constantin Rust: Debuterer i triatlon på Fet

Postet av Atle Jomar Hole den 5. jun 2026

 

Ikkje Fet i Velledalen, men noko som heiter «Halv-Fet 2026», arrangert av Fet Svømmeklubb

 

Nyleg melde Constantin Moses Rust på Strava at han hadde lagt bak seg 2400 meter symjing:

  • Overraskande greitt det her, melde han.

Samstundes som han fortalde at laurdag 6.juni skulle han debutere i ein ny idrett:

  • Debut i ny sport. Blir show, skreiv han.

 

Det er Fet Svømmeklubb (ikkje i Velledalen) som arrangerer eit triatlon som ber namnet «Halv-Fet» 2026. Om nokon vil bivåne denne historiske debuten finn arrangementet stad i Gansvika, står det å lese på EQ-timing.

 

Velledalen IL har tidlegare hatt habile utøvarar i denne greina i Radka Vosicka og Roger A. Vanebo.

 

Nettsida til Velledalen IL er ikkje i tvil om at Constantin vil bite kraftig frå seg.

 


Logg inn for å skrive en kommentar.