Ålesund Sommerkarusell i kveld (17.juni)

Postet av Atle Jomar Hole den 17. jun 2026

 arkivfoto

Distansane er som vanleg 5 km (start 18.10)og 10 km (start 18.00).

 

Her kjem datoane for dei tre sommarkarusell-løpa i Ålesund:

17. juni

15.juli

12.august

Alle som deltek i to eller tre løp vert premierte i samband med siste løpet 12.august.

 

Distansane er som før; 5 km og 10 km. Det er også mogleg å stille i trimklasse utan tidtaking.

Løpsdagen (17.juni) klokka 09.15 hadde 78 deltakarar meldt seg på, eit tal som nok vil auke godt utover dagen. 100 deltakarar er ikkje urealistisk. Mellom dei påmelde klokka 09.15 i dag var Frode Nordstrand Mauren, som den einaste frå Velledalen IL. Frode spring 10 km i kveld.

 

Ålesund Sommerkarusell eignar seg ypparleg som formtest, eller som ei hardøkt i treningsarbeidet.


Logg inn for å skrive en kommentar.