Fyr til Fyr: Slik gjekk det på halvmaraton

Postet av Atle Jomar Hole den 20. jun 2026

 

Her hadde Velledalen IL Jone Schmidt Breivik, Marita Bjørkelid Andreassen og Frank Andersen i aksjon.

 

Dei tre VIL-utøvarane hadde nokså ulik løpsutvikling og det enda med fine klassevise plasseringar. Frank vart nummer ti i klasse M 35-39, Jone nummer tre i M 15-17 og så rosina i pølsa: Marita vann klasse K 50-54 etter ein imponerande  «drive» på siste-strekket.

 

Frank Andersen: Opna frisk med 50.plass på fyrste meldepost. På dei to neste postane vart det 115.plass og 121.plass før han enda som nummer 143 i mål. Frank har i Strava-kommentaren sin skildra litt av problema, noko vi kjem tilbake til.

 

Jone Schmidt Breivik: Fin disponering av ein så ung løpar. Opna litt sterkare enn Frank med 39.plass på post 1. Denne plassen heldt han også på post to, men så gjekk det litt tyngre. 47.plass på post tre, før han enda som nummer 48 i mål, på ei tid som heldt til finfin 3.plass i klasse M 15-17

 

Marita Bjørkelid Andreassen: Marita sin argaste konkurrent i løpet vart Berit Kolltveit frå Vik IL. På post 1 hadde Marita 14.24 mot Berit sine 12.02. På post 2 passerte Marita på 1.52.07, Berit på 1.47.38. Kampen syntest avgjort. Like så på siste meldepost før mål, på sjølvaste Runde. Her viste klokka 3.04.12 for vår kvinne, medan sogningen passerte på 2.59.32. Altså låg Marita her 4.40 bak. Fire minutt og 40 sekund. På siste strekket passerte Marita Bjørkelid Andreassen heile 11 løparar, inkludert sin hardaste konkurrent. Noko ho truleg ikkje visste sjølv ein gong. Men faktum er at arrangøren klokka Marita inn til slutt-tida 4.10.03, mot Berit Kolltveit sine 4.10.45. Klasse-siger til Marita, og vi må ta såpass hardt i at vi seier; ein imponerande klasse-siger!

 

RESULTAT, HALVMARATON FYR TIL FYR, 20.JUNI 2026 – 256 PÅMELDE:

1. Eivind Klokkehaug, SK Vidar, 2.07.11 (M 23-34)

2. Hallvard Seim Grøvlen, OL Trollelg, 2.12.58 (M 23-34)

3. Eirik Sverdrup Augdal, Lillehammer, 2.20.24 ( M 23-34)

5. Ottar Frøysa Hellebostad, Sunnylven IL, 2.34.43 (M 23-34)

6. Marte Lien Johnsen, SK Vidar, 2.40.23 (K 23-34)

12. Ørjan Brunstad, Fjellhug/Vereide IL, 2.55.08 (M 35-39)

37. Tarjei Korsbrekke, Sunnylven IL, 3.19.29 (M 35-39)

48. Jone Schmidt Breivik, VIL/Jaktevika, 3.30.00 (M 15-17)

82. Stina Elisif Jensen, Sunnylven IL, 3.55.58 (K 23-34)

102. Marita Bjørkelid Andreassen, Velledalen IL, 4.10.03 (K 50-54)

143. Frank Andersen, Velledalen IL, 4.39.09 (M 35-39)

 

Klassevise plasseringar for Velledalen IL sine utøvarar under Fyr til Fyr, halvmaraton:

10.plass: Frank Andersen i M 35-39

  3.plass: Jone Schmist Breivik i M 15-17

  1.plass: Marita Bjørkelid Andreassen i K 50-54


Logg inn for å skrive en kommentar.