Kjenner nokon denne o-løparen….?
Postet av Atle Jomar Hole den 20. jun 2026

Pernille fann ein kar på O-Festival i Trøndelag med slekt i Sykkylven.
Då o-gruppeleiar, Pernille Ibsen Lervåg, gjekk over mål under sprintløpet i O-Festivalen i Trøndelag fredag, registrerte ho at løparen som kom i mål før henne heitte Ringdal til etternamn.
Og verda er ikkje alltid så stor. For det viste seg at karen som var 15 år, var søskenborn med vår løpar Sigurd Ringdal Linga. Han spring for ein klubb i Haugesund, og skal som våre beste delta under ungdoms-NM i Oslo i august.
Diverre kjenner ikkje Nettsida namnet på karen, men Pernille har fått løyve til å vise fram guten for slekta på Nettsida til Velledalen IL.
Og til o-gruppeleiar, Pernille, må vi berre seie: Godt jobba – på alle frontar!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
MOROLØP PÅ LANDSSAMLING I ORIENTERING
03.08.2026
UNGDOMS-NM SPRINT ORIENTERING
02.08.2026
3604 grasrotkroner i juli månad
01.08.2026