Midnight Sun Maraton: Løypa var for kort

Postet av Atle Jomar Hole den 24. jun 2026

 

Arrangøren har sendt ut «pressemelding» om for korte løyper.

 

  • Løypene under Midnight Sun Marathon var for korte.
  • Flere løpere mister dermed rekorder som følge av en kjegle som ble plassert feil, og forkortet løypa med 143,6 meter.

Dette bekrefter arrangøren til Nordlys.

 

  • Det er jo trist for de som har satt personlig rekord. De som virkelig har banka på og fått en god tid, sier daglig leder, Knut Perander, til avisa.

 

Målingen av distansen ble kontrollert av Det internasjonale friidrettsforbundet, men en feilplassert kjegle gjorde altså at mila, maraton og halvmaraton ble for kort.

Femkilometeren stemmer fortsatt, og rekordene her står.

 

Feilen vart oppdaga då dei fleste 10 km løparane kom inn med kring 9,90 som distanse på sine private måleinstrument.

 

Det høyrer med til soga at Sverre Gunnar Brunstad som sprang maraton hadde 42,36 km som personleg måling av distansen. Altså godt over norm på 42,20, men det høyrer vel med til historia at slitne maraton-løparar er mindre flinke til å springe kortaste line i løps-traséen. Men uansett var det heller ikkje snakk om nokon personleg rekord for Brunstad-ekspressen denne gongen.

 

 

Diverre har vi litt for mange slike tilfelle. Seinast under fyrste løpet i Ålesund Sommarkarusell kom løparane inn til mål med GPS målingar som stort sett låg i området 9,90-9,92 på distansen 10 km. Hadde løypa vore lang nok, skulle tala vore i området 10,00-10.05. Det er vel ikkje rett å kalle fenomenet juks, men arrangør-slendrian er det definitivt. Dagens måleapparat, som stort sett alle utøvarar har, er så presise at dei let seg ikkje lure. Ikkje over ein lav sko. Den tid er faktisk forbi.

 

Og då er det mest «fair» å gjere som i Tromsø. Legge seg flat og varsle om at her vert det ikkje notert rekordar. Jamfør på friidrettsbana; eit steg eller to innanfor lista og du er diska. Og det er faktisk heller ingen stas å ha, ein personleg rekord sett i ei 143,6 meter for kort løype, slik tilfelle var på 10 km i Tromsø. La vi halde rettferd-fana høgt, både på arrangør- og løpar-sida!


Logg inn for å skrive en kommentar.