Smånytt frå Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 26. jun 2026

Komande helg vert ganske så roleg, men fyrste helga i juli smell det!
TRIMPOST-SESONGEN:
Det er no mindre enn 100 dagar att av trimpostsesongen som strekkjer seg frå oktober 25 til oktober 26. Som vanleg markerer skifte av trimbok kring 1.oktober ny sesong. Vi oppmodar dei trufaste meldarane våre om å rapportere inn topp-5 stoda på dei ulike postane. Somme postar er nok alt avgjorde, medan det på andre kan vere frisk kamp til siste slutt.
NYINNMELDING:
Siste tilskotet til Velledalen IL sin løpstropp er fjell-løparen Oskar Johan Bakken. Han spring i løp med normal klasse-inndeling i klasse M 23-24. Debuten som VIL-løpar finn stad laurdag 4.juli, då Oskar er påmeld i Hornindal Rundt, 38 km. Eit ganske så tøft løp, særleg om det har vore mykje regn siste dagane før løpet. Truleg vert det fleire VIL-løparar med, men dei har enno ikkje kome på startlista. Skal ein tru på rykte seier dei at Constantin stiller på 38 km, Kjell Magnar kanskje på 75, ein distanse han har gjort fleire gonger tidlegare.
UNGDOMSSAMLING ORIENTERING:
I samband med orienterings-mønstringa Fjord-O, vert det arrangert ungdomssamling i Sogndal. I skrivande stund står 27 namn på deltakarlista. Frå Velledalen IL deltek Mikkel Ibsen Lervåg og Sigurd Ringdal Linga på deltakarsida, medan Pernille Ibsen Lervåg er på plass i leiar-korpset.
LØPSDAGAR FJORD-O:
Onsdag 1.juli: Sprint – 687 påmelde 26.juni klokka 09.00
Torsdag 2.juli: Lang – 755 påmelde
Laurdag 4.juli: Lang – 803 påmelde
Sundag 5.juli: Mellom – 799 påmelde
Alle påmeldingstal er fredag 26.juni klokka 09.00 – som alle forstår; ei stormønstring!
GANSKE ROLEG HELG:
Komande helg er det relativt få VIL-utøvarar som skal i aksjon. Men Nettsida vil prøve fange opp det som skjer. Men fyrste helga i juli (4. og 5.juli) vert det derimot eit sabla køyr med VIL-utøvarar på ei rekkje frontar. Det vi sikkert veit om med VIL-deltaking er:
Hoka Lofoten Skyrace Maraton
Hellesyltløpet
Hornindal Rundt
Jølster Maraton – over 1100 påmelde, åtte av desse frå Velledalen IL, fredag 26.juni
Fjord-O Sogndal
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Midnight Sun Maraton: Løypa var for kort
24.06.2026
Maria Fet Støtvig: Ei å vere stolt av!
22.06.2026
Malin Skage: Eit råskinn av ei kvinne
22.06.2026