Moseby Invitational: Solid av Constantin og Anders.
Postet av Atle Jomar Hole den 27. jun 2026

8.57 på Constantin Rust og 9.33 på Anders Westrheim på 3000 meter på Bislett i dag.
Begge våre utøvarar sa seg mindre nøgde i kommentarar på Strava etter løpet. Rett nok har Constantin Moses Rust 8.42 på distansen frå juni 25 (klubbrekord for Velledalen IL), men alt under ni minutt skal ein ikkje kimse av. Tida til Constantin (8.57) er trass alt årsbeste i Velledalen IL på 3000 meter baneløp.
Så til Anders Westrheim. Han har stort sett notert personlege rekordar i det meste denne sesongen, men faktum er:
Det beste vi har registrert på Anders i 2025 i tilsvarande løp er 9.32. I dag var han eitt sekund bak denne tida og skuffa. På grensa til svært skuffa. Det fortel at mannen har teke steg.
I fjor var desse to karane nummer 1 og 3 på VIL-statistikken, 3000 meter baneløp. Mellom seg hadde dei Njål Torillson Tyssing på sterke 9.03. Njål er diverre skadd (Jumpers Knee), men vi håper å han tilbake til haust-sesongen. Nettsida får stadig spørsmål etter Njål. Han er sakna både som løpar, og ikkje minst for sine reflekterte tilbakemeldingar etter løp.
Fleire burde testa seg på baneløp. Anlegget på Ikornnes ligg der, og det er til for å brukast.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
MOROLØP PÅ LANDSSAMLING I ORIENTERING
03.08.2026
UNGDOMS-NM SPRINT ORIENTERING
02.08.2026
3604 grasrotkroner i juli månad
01.08.2026