3.juli: Tøffe løp for Jan Ketil og Hermann
Postet av Atle Jomar Hole den 2. jul 2026
I år har Velledalen IL deltakarar under Nordisk meisterskap for veteranar på Bislett og HOKA Lofoten Skyrace
Tøffingen Hermann Furland er påmeld HOKA Lofoten Skyrace, som vert arrangert fredag 3.juli. Løpet har fleire tusen deltakarar og desse distansane å velje i:
Skyrace 15 km turklasse
Skyrace 15 km
Skyrace 32 km
Skyrace 42 km
Hermann er påmeld den tøffaste utgåva (42 km), med start 3.juli klokka 11.00.
Nordic Masters Championship, er det som på godt norsk heiter Nordisk meisterskap i friidrett. Dette går over fleire dagar, på Bislett stadion, Oslo. Her har veteranane frå 35 års alderen til langt over 80 år, tett program innan løp, hopp og kast. Her stiller Jan Ketil Vinnes til start i klasse M 55, fredag 3.juli klokka 14.00.
Nettsida ynskjer Jan Ketil og Hermann lukke til med tøffe konkurransar!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
MOROLØP PÅ LANDSSAMLING I ORIENTERING
03.08.2026
UNGDOMS-NM SPRINT ORIENTERING
02.08.2026
3604 grasrotkroner i juli månad
01.08.2026