Fleire løp med VIL-deltaking i juli
Postet av Atle Jomar Hole den 11. jul 2026
Frank Andersen har tipsa oss om at Vestnes Backyard Ultra vert arrangert 25.juli.
Nyleg hadde VIL-Nettsida ei oversikt over konkurransar med VIL-deltaking i juli. Dette var arrangement som låg ute på EQ-timing. Sidan Vestnes Backyard Ultra ikkje låg på EQ-timing, kom dei ikkje med i vår oversikt. Men Frank Andersen var raskt ute og melde frå.
Påmelde VIL-utøvarar i Vestnes er Malin Skage og Frank Andersen. I tillegg finn vi Gunn Mjeltevik frå Sykkylven på lista, som inneheldt 100 namn. Som truleg betyr at løpet er fullteikna.
Men altså: Vestnes Backyard Ultra vert arrangert 25.juli.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
MOROLØP PÅ LANDSSAMLING I ORIENTERING
03.08.2026
UNGDOMS-NM SPRINT ORIENTERING
02.08.2026
3604 grasrotkroner i juli månad
01.08.2026