Sommarhelsing frå familien Nakken
Postet av Atle Jomar Hole den 17. jul 2026

Vi reknar med dei fleste i VIL-miljøet kjenner gjengen på fotoet. Det er Svein Arne og Anita Mosby Nakken. Sønene deira Sivert og Andreas, og kjærasten til Sivert, som heiter Eline Lium Fougner.
Det er ikkje noko løp å melde om frå oss i Farsund. Men i dag kan vi likevel melde om ei relativt stor kraftprøve.
5 VIL medlemmar har slite seg opp dei 4444 Flørlitrappene ved Lysefjorden. Og ikkje minst like tungt dei 4,9 kilometrane ned Rallarstien i bratt og kronglete terreng.
Varmen var slåande på veg opp, medan lyn, torden og litt regn underheldt oss på returen.
God sommar vidare til alle lesarar av nettsida!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
MOROLØP PÅ LANDSSAMLING I ORIENTERING
03.08.2026
UNGDOMS-NM SPRINT ORIENTERING
02.08.2026
3604 grasrotkroner i juli månad
01.08.2026