VM OCR-HINDERLØP: Anette nummer 30 på kortdistansen
Postet av Atle Jomar Hole den 7. aug 2026

Lader opp til 12 km-løpet i morgon
Det største denne idrettshelga er VM i OCR hinderløp i Irland, der Velledalen IL er representert ved Anette Heimli Jokstad. Sambuar Nikolai Handle Jensen har diverre fått sesongen spolert av skade, og stiller difor ikkje til start denne gongen.
I dag vart løpet i "short course" arrangert. Det vart ikkje full klaff for Anette, men tok seg greitt gjennom løypa på tida 21.29, som heldt til ein 30.plass i den harde konkurransen. På STRAVA skriv Anette fylgjande om løpet:
- Løpsmessig godkjent, men manglet hinderflyt. En miss før mål i tillegg. Så totalt sett skulle det gjerne gått bedre. Lader opp til 12 km i morra!
Vi nemner også at på segmentet "Startsprint Whoop Whopp" tok Anette ei fin plassering som nummer 8.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026