Stranda Fjord Trail Festival startar 12.august
Postet av Atle Jomar Hole den 10. aug 2026
Arkivfoto frå Trondheim, Hermann saman med Ole Peder
Vi ser på lokale deltakarar på dei to lengste «turane», 95 og 55 km, som begge går onsdag 12.august.
Onsdag 12.augsut klokka 06.00 smell fyrste startskotet, då utøvarane på distansen over 95 km legg i veg. Måndag morgon (10.august) står det 56 namn på deltakarlista. To av desse representerer Velledalen IL, Hermann Furland (M 20-29) og Harald Ringdal (M 40-49). Sistnemnde har mellom anna røynsle frå det mykje lenger «løpet» Oslo-Bergen, der han har fine plasseringar på rullebladet. Nettsida til Velledalen IL reknar Harald som den klart beste av dei lokale løparane som har meldt seg på 95 km hittil. Desse er:
Jahn- Egil Skotte, Sykkylven (M 30-39)
Andreas Hammer, Stranda (M 20-29)
Jon Hole – Drabløs, Telenor BIL, (M 30-39) – slekt i Velledalen
Ronny Ødegård, Stranda IL (M 50-59)
Hermann Furland, Velledalen IL (M 20-39)
Harald Ringdal, Velledalen IL (M 40-49)
Det er 95 km løparane som kjem ned frå Vellesætra til Brunstad Kraft der Velledalen IL skal ha matstasjon i tidsrommet 14.00 – 00.00 komande onsdag.
Altså 56 namn påmelde knappe to døgn før start, som betyr at startfeltet vert av overkomeleg storleik, og dei fullførande vesentleg færre.
To timar seinare, onsdag 12.august klokka 08.00 legg 55 km løparane i veg. Her hadde vi sterke Ole Martin Korsnes påmeld, men han har droppa ned til deltaking i det mest populære løpet under Festivalen, nemleg 25 km på komande laurdag. To døgn før løpsstart har såleis Velledalen IL ingen påmelde i løpet på 55 km, men vi tek med desse lokale deltakar-namna:
Anna Brunstad, Elverum, (K 20-29) – slekt i Velledalen
Eldar Kurseth, Sykkylven IL, (M 50-59)
Liv Hilde Vågsæter, Stranda, (K 30-39)
Lars Olav Westerås, Geiranger IL, (M 30-39)
Ottar Frøysa Hellebostad, Sunnylven IL, (M 20-29)
Det mest imponerande med startfeltet på løpet over 55 km – som talde 85 utøvarar to døgn før start – er at 48 av dei er utlendingar. Dei 37 norske utgjer ein deltakar-prosent på kring 43,5.
Ingen andre lokale løp kan vise til slike tal
Så får vi krysse fingrane for at vêret skal bli rimeleg godt under løps-Festivalen. Alt i alt står 517 namn på påmeldingslistene to døgn før det heile brakar laust. Vi kjem tilbake til dei andre løpa i Festivalen etter kvart som veka skrid fram, men slår fast at løpet over 25 km (arrangert laurdag 15.august)teiknar til å bli det desidert mest populære.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026