Kjensleladd siger på Stranda
Postet av Atle Jomar Hole den 16. aug 2026

Kjell Magnar Berli sitt liv er fullt av bakkar - somme går mot, andre går unna.
Alle i Velledalen kjenner Kjell Magnar Berli. Den lever-transplanterte 38-åringen jobbar i eit rekneskapsfirma med base i Fjord kommune. Arbeidstida er fleksibel. Det må den nesten vere skal han få trene slik han vil. Kjell Magnar er fasinert av høgdemeter. Eit snitt på kring 1000 slike per dag, året rundt, er vanleg. Dermed vert talet kring 365 000 høgdemeter i løpet av eitt år. Heldigvis er han flink å variere. Han nyttar ski, sykkel eller føtene. At km-standen er høg til 38-åring og vere, det herskar det liten tvil om.
I 2025 tok han konkurransefri. Av ulike grunnar. Men han var tilbake i 2026. Hardt tilbake. Han vann halvmaraton under Ørsta Fjellmaraton, han vart beste sunnmøring under det tøffe fjell-løpet «Molde 7 topper». Under Hornindal Rundt (75 km) var han i tet, men sprang feil, før han kjempa seg tilbake til teten, for så å bryte. 12.august vann han så 55 km under Stranda Fjord Trail Festival. Han kryssa mållina på 7.19.21 – 3000 premiekroner rikare. Vidare tok han seg til toppen av det 4478 meter høge fjellet Matterhorn i Sveits, saman med kameraten Constantin Rust, torsdag 30.juli. Unnabakkane har vore lette å bere.
Men siste året har òg vore prega av motbakkar. Ei av dei få som stod i målområdet då Kjell Magnar kryssa mållina på Stranda klokka 15.19.21 onsdag 12.august, var mora Kjersti. Ho gav sonen ein klem. Den var både hjartevarm og kjensleladd. Ho fortalde at Kjell Magnar siste året har mist fire av dei som stod han nærast i slekta, inkludert faren Gisle, og systera Henriette. Faren brått, systera så altfor tidleg.
Kjell Magnar har prøvd mykje opp gjennom åra, med eiga helse. Han veit at livet kan vere slik - oppover-bakkar og nedover, hand i hand. Mest slik han sjølv trenar. Han har nyleg kjøpt seg eit eldre hus på Brøvoll i Velledalen. Eit prosjekt som vil bli til hovudbry, tidtrøyte og glede. Kjenningar har han over stort sett over heile landet. Kjenningar som vil han vel. Sjølv om siste året har vore vanskeleg, har det også vore godt…..
Og kanskje, når alt kjem til alt, er dei kjensleladde sigrane dei beste……
Atle Hole
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026