Slår arrangørane kvarandre i hel…?
Postet av Atle Jomar Hole den 17. aug 2026
Arkivfoto frå Stavekollen skyrun
Minst fire aktuelle løp på Sunnmøre komande laurdag.
For tida burde det vere gode tider for personell som sel sko og klede til løparar. Det er nærast kamp om å arrangere løp. Og særleg dei fyrste vekene etter fellesferien ser det ut som nokon meinar at «folket» treng eit løp. Komande laurdag, 22.august, er terminlista slik:
- ÅLESUND TRAIL – arrangør ÅFIK – distansar 15 km trim, 15 km konkurranse og Motbakkeløp
- HORNINDALSROKKEN SKYRACE – arr. Hornindal IL – løpet er 17,5 km.
- NORDVEST MARATON – arr Hareid IL – distansar frå 5 km til heilmaraton.
- STAVEKOLLEN SKYRUN – arr Ikornnes IL – trim- og konkurranse-klasse.
Og det kan fort gjort vere meir, listene er ikkje finstudert. Truleg vil dei fire arrangementa samla meir enn 500 deltakarar. Men det vert ikkje så fælt mange på kvar arrangør. Av dei fire er det Nordvest Maraton som har soleklart lengst fartstid. Vi vil tru at Velledalen IL sine aktive vil spreie seg litt her og litt der. Men det må ikkje herske tvil om at fire slike løp (og kanskje meir) på Sunnmøre på same dag, det er i meste laget.
Hadde i det minste noko gått laurdag og noko sundag, kunne dei tøffaste eksempelvis teke Stavekollen eine dagen, og ein tur til Hareid dagen før eller etter.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026