Andreas Skjortnes beste sykkylving i Sulahinderet
Postet av Atle Jomar Hole den 20. aug 2026
Kom på flott 10.plass i konkurranseklassa med tida 1.02.08.
Sulahinderet er ei stormønstring med kring 600 påmelde deltakarar. Løypa er kring 6,5 km lang, og går rundt Vassetvatnet og i området Idrettsparken i Langevåg. På vegen gjennom løypa skal eit stort tal hinder passerast, både fysiske og tekniske.
Totalvinnar i konkurranseklassa vart Rolandes Kybartas frå Litauen/OCR Baltic Warriors. Han brukte 48.39 gjennom løypa. Beste kvinne vart Marianne Skuggen frå Ålesund på tida 59.07. Mange sykkylvingar var på plass i Langevågen og gjorde ein fin figur. Og best av desse altså Andreas Skjortnes, som representerte FunkFit Sykkylven, på ein finfin 10.plass. Tida hans vart 1.02.08.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026