Nordvest Maraton: Hilmar med VIL-årsbeste på distansen.

Postet av Atle Jomar Hole den 22. aug 2026

     Foto: Susan Gjerde

Tok løpet som trening, sprang på 2.58.20  og vart totalvinnar.

 

Hilmar Kråkenes sette årsbeste på maraton for Velledalen IL på Hareid i dag. Han kryssa mållina på tida 2.58.20, raskaste tida av ein VIL-løpar hittil i 2026, då han sprang 1.08 raskare enn han gjorde i Hornindal for fire veker sidan (25.juli). Sterkt med tanke på at dette er trening for Hilmar. Trening til eit stort Backyard – last man standing-løp på Herdla i Vestland fylke fyrste helg i september (om 14 dagar).

 

Tidlegare i veka skreiv Hilmar dette til VIL-Nettsida:

  • Eg kjem til å møte på maraton til helga på Hareid, men fokuset vert mengde og rett under tre timar. Kjem ikkje til å roe ned treninga veldig før løpet på Hareid. Gleder meg til løpet og form-messig er eg langt betre enn i Hornindal.

 

Her kan vi ikkje ta Hilmar på noko som helst, sidan han sprang 1.08 raskare på Hareid enn i Hornindal, i ei tyngre løype. Og han har i høgste grad dekning for «rett under tre timar» sidan sluttida vart 2.58.20. Så langt er Hilmar einaste VIL-løpar under tre timar på heilmaraton.

 

RESULTAT, HEIMARATON, HAREID 22. AUGUST 2026:

  1. Himar Kråkenes, Velledalen IL, 2.58.20
  2. Siv Grethe Berge Hoff, Bergsøy IL, 3.41.31
  3. Slawomir Lesniak, klubblaus, 3.54.23
  4. Kari Prøven, Eid IL, 4.18.39
  5. Casper Andre Hide, klubblaus, 4.31.01

 

Synd for arrangøren at ikkje fleire sprang heilmaraton, men som vi ser av resultata; Hilmar i ei eiga klasse som totalvinnar.


Logg inn for å skrive en kommentar.