Stavekollen: Kjell Magnar raskast opp og ned

Postet av Atle Jomar Hole den 23. aug 2026

                                      Arkivfoto

Mariann Auflem raskaste kvinne i eit løp der kring 20 sprang på tid.

 

13 gutar/menn og seks jenter/kvinner sprang på tid under Stavekollen Sky Run på Ikornnes i går. Mariann Auflem vart raskaste kvinne på den fine tida 59.32. Berre fire menn var raskare. Kvinnevinnaren leverte så godt at ho heilt klart bør hive seg med i fleire konkurransar rundt om på Sunnmøre.

 

Velledalen IL hadde ni utøvarar i aksjon samla under Ålesund Trail og Nordvest Maraton. Såleis var det bra å ha med seks utøvarar i herreklassa på Ikornnes. Med Kjell Magnar Berli i spissen. Berre ei dryg veke etter eit tungt løp på 55 km under Stranda Fjord Trail Festival:

 

RESULTAT STAVEKOLLEN SKY RUN, GUTAR/MENN, 22.AUGUST 2026 (dei beste):

  1. Kjell Magnar Berli, Velledalen IL, 45.36
  2. Ole Martin Korsnes, Velledalen IL, 53.44
  3. Sven Erik Kaiser, Velledalen IL, 54.44
  4. Alastair Brunton, Velledalen IL, 58.00
  5. Michal Sermet, Ikornnes, 1.01.08
  6. Kjetil J. Furuly, Langhusløperne, 1.06.16
  7. Trond Bonesmo, Velledalen IL, 1,09.15

13 fullførande

 

Så nemner vi at to av dei som kunne hevda seg høgt oppe på resultatlistene, Kristin Dvergsdal, Hundeidvik IL og Kjetil Bjarte Settemsdal, Velledalen IL, begge ofra seg som støtte for yngre løparar. PRISVERDIG!


Logg inn for å skrive en kommentar.