Trimpostane: Alt ved det gamle i skogsvegen Hjorthol

Postet av Atle Jomar Hole den 25. aug 2026

 

Særdeles jamt om siste «pallplassen». Avgjort om 1. og 2.plassen.

 

Om noko er annleis enn dei siste åra ved skogsvegen Hjorthol, må det vere at trafikken er «nedadgåande». Då VIL sin meldar var der på kveldstid måndag 24.august, var det seks døgn sidan sist nokon hadde skrive seg inn. Kring 600 noteringar så langt i sesongen, betyr at posten i beste fall kan bikke 700 noteringar ved sesongslutt kring 1.oktober.

 

Men det var kjende namn på lista over topp-5:

141 turar: Ingrid Brudevoll

105 turar: Anita Lindis Hjorthol

  41 turar: Irene Hole

  40 turar: Jan Lade

  39 turar: Liv Skogvold

Like ved: Eldrid Myhre 36 og Lisbeth Hofer 31.

 

Frå nummer tre og nedover var det så jamt, at her kan det bli store endringar på lista. Ingrid og Anita er det lite å gjere med.


Logg inn for å skrive en kommentar.