VIL-deltaking i Stavanger og Oppdal

Postet av Atle Jomar Hole den 27. aug 2026

 

Vi har før meldt om deltaking i Sogndal og Lillehammer. No plussar vi på med Oppdal og Stavanger.

 

Stavanger Marathon vert arrangert komande laurdag. Eit stort arrangement. Her har Hermann Furland nyleg sendt ut «nabovarsel» på Strava. På spurnad om han skulle delta lydde svaret slik:

  • Det skal eg, men berre som ledsager. Blir rundt fire timar med tidsbruk.

 

Vidare vert Oppdal Fjellmaraton arrangert komande laurdag. Trulegeit par tusen deltakarar. May Evy Nesheim er alt påmeld 11 km, i klasse K 16+. Som betyr alle kvinner mellom 19-99 år i ei «koke», som vert ei klasse med mange deltakarar. Her vert May Evy midt på treet i alder, sjølv om det ikkje er venta mange deltakarar over 80 år.

     Truleg stiller fleire VIL-løparar på Oppdal. I alle høve antyda Kjell Magnar at han skulle dit etter sigeren på 55 km under SFTF.

 

Her lokalt er det noko som heiter Vardeløpet til Von. Opp Sulafjellet i Langevågen med IL Valder som arrangør. Førebels ingen frå VIL påmelde, men det kan bli.

 

Uansett vil du kunne finne ei oversikt over VIL-utøvarane sine sprell i helga her, på Nettsida


Logg inn for å skrive en kommentar.