I helga: Eit av Sverre sine store sesongmål
Postet av Atle Jomar Hole den 28. aug 2026

Sverre Kjerpeset syklar laurdag der 87 km lange Birkebeinerrittet frå Rena til Lillehammer.
Fleire – mellom anna Kjell Magnar Berli – har fullført Birkebeinertrippelen for Velledalen IL. Men dei kan teljast på ei hand. Difor er det i historisk samanheng ein flott prestasjon Sverre gir seg i kast med laurdag 29.august. I vinter (mars) gjekk kan Birkebeinerrennet, i juni sprang han Birkebeinerløpet, og i morgon vert den tredje kraftprøva – Birkebeinertrippelen - fullbyrda med Birkebeinerrittet på 87 km frå Rena til Lillehammer.
Arrangøren melder i dag at trass kong Harald sin død, vert rittet gjennomført. I ro og verdigheit, med eitt minutts stille og sørgjeband, heiter det i informasjonen frå arrangøren.
Sidan Velledalen IL ikkje driv med sykling, stiller Sverre i Birkebeinerrittet med «FIRE-Stiftelsen» bak namnet sitt. Det er ein ideell stiftelse som hjelper menneske som har hatt utfordringar med rus, psykisk helse, eller andre vanskelege periodar i livet. Målet er å hjelpe folk vidare til eit tryggare og meir aktivt liv.
Velledalen IL er stolte av at Sverre representerer «FIRE-Stiftelsen» som «avløysar» for Velledalen IL under rittet. Eit verdig og godt val!
FIRE-Stiftelsen legg særleg vekt på:
- Aktivitet og trening – mellom anna fotball, sykling, ski, klatring og friluftsliv.
- Fellesskap og tilhøyrsle – ein stad der ein kan møte andre og kjenne at ein høyrer til.
- Rusfritt miljø – tilboda skal vere trygge og rusfrie
- Arbeid og utdanning – dei hjelper også menneske med å kome vidare mot jobb og utdanning
- Eit betre kvardagsliv – visjonen er at menneske skal få dekka behova sine for fritid, utdanning, bustad, arbeid og nettverk.
FIRE brukar altså aktivitet som middel til meistring og rehabilitering. SINTEF skildrar tilbodet som eit lågterskel aktivitetstilbod som skal bidra til mellom anna livskvalitet, meistring og inkludering. FIRE handlar om å gi menneske som har møtt utfordringar i livet, eit trygt fellesskap, aktivitet og støtte, sli at dei kan ta «eitt skritt vidare».

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026