Sverre Kjerpeset: Trippelen i boks
Postet av Atle Jomar Hole den 29. aug 2026

Einaste VIL-utøvar i 2026 som har gjennomført rennet, løpet og rittet.
Ein skal vere rimeleg allsidig den som skal gjere det Sverre har gjort i 2026. Han uttrykkjer glede, og seier det ganske så dekkande sjølv i ein kommentar til Velledalen IL si nettside:
- Endeleg sat den, og eg kan kalle meg ein ekte Birkebeinar med trippelen fullført. Ski på 54 km i mars, løp på 42 km i juni og no tilslutt sykkel på 84 km. Utruleg stolt over den medaljen her!
- No blir det ein svært travel løpsmånad i september. Men fyrst skal eg nyte denne litt.
- Helsing ein stolt Velledalen IL-løpar
Nettsida kan nemne at Sverre i dag sykla inn til tida 4.46.26 – plasseringa i klasse M 40 kjem vi tilbake til.
Og det skal leggjast til at forholda under Birkebeinerrennet i mars må omtalast som vanskelege, det var svært vått under løpet i juni, og forholda var heller ikkje strøkne i dag. Så alt i alt eit ganske så vanskeleg år å gjere det Sverre har gjort i 2026.
Velledalen IL gratulerer med den flotte prestasjonen!
1 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026