NM motbakkeløp: May Evy gjorde det!

Postet av Atle Jomar Hole den 5. sep 2026

 

Vart NM-vinnar i klasse K 50-54 i Volda i dag – heile VIL-mijøet gratulerer.

 

May Evy tenkte nok, kanskje……

  • Kunne Susan Gjerde bli NM-vinnar klasse K 50-54 på 10 km landeveg, skal jaggu meg eg greie det same i motbakkeløp i Volda!

 

I alle fall:

I dag vart May Evy Nesheim vinnar av klasse K 50-54 under Melshornløpet i Volda, som hadde NM status i motbakkeløp 2026. Ho kom inn på tida 1.03.29 og hadde nær fire minutt til gode på sin hardaste konkurrent. Det må omtalast som god margin – VIL-miljøet gratulerer prestasjonen!

HER ER RESULTATA KLASSE K 50-54 – NM MOTBAKKELØP 2026:

  1. May Evy Nesheim, Velledalen IL, 1.03.29
  2. Silje Grønningsæter, Vik IL, 1.07.25
  3. Gunvor Refsdal, Vik IL, 1.08.23

 

MAY EVY SIN STRAVA-KOMMENTAR:

  • Steike, dette var tungt! Fem år sidan sist eg sprang her, under timen då. Ikkje like god dagsform som førre helg, men vart no eit NM gull då i klasse 50-54. Stas!

 

Beste kvinnetid uansett klasse: Mari Fosse Vaksdal, Bjørgum IL, 45.13 – Råsterk 3.plass totalt til Janne Elin Vatnaland, Spirit FIK. Klassevinnar K 35-39.

Beste herretid uansett klasse: Per-Christian Færøvik Grieg, Varegg Fleridrett, 39.02.


Logg inn for å skrive en kommentar.